Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Denne sida er ikkje ferdig enda!
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

trykt i Firdaposten laurdag 21.august 1999

 

Kia orana! "Må du leve (lenge)" er helsinga som blir brukt i alle samanhengar her på Rarotonga, om du ikkje blir møtt med eit "Good morning", "Hello", "How are you". Hovudsaka er at alle stort sett helsar oss blidt, enten dei er gamle eller unge (til og med ungdommar!). Dette er eit samfunn av vennlege, gjestfrie menneske - alle skildringane om dette i reisehandbøker og turistbrosjyrer stemmer på ein prikk.

Kor er altså Rarotonga? Midt i Stillehavet, 20 grader sør for ekvator, på hi sida av datolinja.Les du dette laurdag til sein frukost i titida, er klokka her 10 kvelden før! Det fører m.a. til det merkelege at eg kan sitje her fredagskvelden, slå opp på internett og lese nyhenda frå NRK-Sogn og Fjordane eller Dagbladet laurdagsmorgonen. (Firdapost-redaktøren kunne nok tenkt å vore i den situasjonen at han kunne lese konkurrentane sine oppslag kvelden før, no kan eg hjelpe han!). I "nabolaget" finst Fiji, Samoa, Tahiti - berre nokre timars flyreise unna.

Ein må venje seg til avstandar når ein er Stillehavsbuar. Rarotonga er ein del av Cook Island. Nasjonen består av 15 øyar, der det bur folk på 13. Og skal du reise frå "søndre basseng" der Rarotonga ligg, til "nordre basseng", tar flyturen 3-4 timar med det lokale selskapet. Det set den heimlege båtrutedebatten i eit visst perspektiv (berre det å halde seg med eige flyselskap for denne nasjonen med 16000 menneske!).

På slik ein laurdag putlar Raratongarane med det dei ikkje får gjort elles i veka, bygger hus, er i byen på handletur, spelar fotball (eller helst rugby), ryddar hagen, slår plenene (også no midtvinters)og sørger for at det ser fint ut langs vegen.

Men søndagen er kyrkjedag. Og det er viktig for mange. Dei 10.000 menneska her på øya har mange kyrkjer å velje mellom, 5 CICC-kyrkjer (Cook Island Christian Church) som er hovudkyrkja på øya sidan dei engelske misjonærane kom hit og gjorde ein grundig jobb for 180 år sidan og gjorde at øyane her er busette av tilsynelatande umåteleg kristelege menneske. Utanom dei 65 % som soknar til desse kyrkjene, er det mykje anna å velje mellom: Eit par katolske kyrkjer og samlingshus for andre ulike retningar, gjer at salmesongen på søndag sikkert stig opp frå 12-15 gudshus.

Og for ein salmesong! Eg har blitt fast kyrkjegjengar berre for å få med meg salmesongen, som reisehandbøkene òg veit å vektlegge og som drar mange turistar til kyrkja. Det finst ikkje orgel. Men på dei faste tidspunkta ut gjennom gudstenesta tonar songen brått i, det er gjerne ei eldre dame midt i kyrkja som er forsongar, og så blir alle dei andre med. Melodianane kan vere enkle nok,og nokre kjenner eg att, men når menn og kvinner syng vekselsong, og mennene legg inn over og understemmer i enkle harmoniar, når rytmene innimellom er umiskjennelege lokale, så er det som kyrkjene blir fylte til randa og opp under taket med kraftig, vakker musikk. Så gjer det ikkje noko om teksten er på det opprinnelege maori-språket. Klarer eg å bla meg fram til rette teksten i salmeboka, er det etter kvart mogeleg å følgje med - Maori er lett å lese, om ikkje å forstå.

Preika er òg mest på maori, av og til litt på engelsk. Og sjølv om stemma blir heva og faktene er mange, ser det ikkje ut til at sjølve preika engasjerer meir enn i ei gjennomsnittleg heimleg kyrkje. Folk dubbar litt av, ser seg rundt og ungane styrer med sitt. Ikkje er det slik at alle går i kyrkja heller. Gjennomsnittsalderen er her òg ganske høg, og dei gamle damene er nok i fleirtal. Men kyrkja betyr nok meir for fleire her, og det er altså mange hus folket her skal fylle opp. Prestane får òg sørge for å gjere jobben sin. Mykje av løna kjem frå gåver frå kyrkjelyden, og dårleg innsats gjev straks mindre å leve av. T.d. dersom ikkje presten tar tak i ungdomsproblematikken i soknet! Her er det idear å hente...

Søndagen skal vere ein stille dag. No er det langt frå slik det var for 100 år sidan, då situasjonen vart samanlikna med ein kristen politistat, der prestar og misjonærar bestemte alt. På søndagen var det strenge reglar for kva ein kunne gjere og kor ein kunne gå - kanskje ikkje heilt ulikt slik eg hugsar det frå mi oppveksttid. På Rarotonga er søndagen ikkje kinodag, ikkje sportsdag, og bussen står. Dei fleste butikkane er stengde, men ikkje dei små butikkane som finst med jamne mellomrom rundt heile øya. Der sel dei det viktigaste: Brød, brus, boksemat, litt lokale grønsaker og frukt - og øl (tildels òg vin og brennevin). Men dette er ikkje til sals på søndag. Skulle ein turist likevel vere så syndig å komme innom og spørje etter ei ølflaske på søndag, fordi han ikkje veit betre, så ordnar det seg òg, han må berre ta med seg flaska ut i ein gråpapirpose... Høyrest det velkjent ut?

God kyrkje-søndag!

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok