Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 23. november 1999

 

Kia Orana!

"Da e`kje slek so da va før i tia!" Ein treng ikkje bli så veldig gammal (ca.50 år) før ein tar seg i å seie dette. Og vi høyrer det sjølvsagt også her. Og det er ikkje rart - i eit samfunn som på mindre enn 200 år har teke spranget frå eit stammesamfunn m.a. utan skriftspråk (og kannibalisme når krigarane skulle feire!), fram til eit moderne samfunn som ikkje står til atters for våre vestlege i nokon samanheng. Her har det vore omskifte!


M
en han tenkte nok på andre ting ein nabo her i Vaimaanga som eg prata med for nokre dagar sidan då han dreiv og tok opp taro-røter. Han meinte at folk no for tida "ikkje er halvparten så vennlege som dei var for 5 år sidan." Han sjølv låg i vasstrid med ein nabo, slik at han ikkje fekk vatn til taroen sin, og dermed måtte han ta dei opp altfor tidleg. "Det er turistane si skuld", sa han. Eg kunne ikkje utan vidare seie kva skuld eg hadde, sjølv om eg ikkje kunne nekte for at vi har hatt nabokranglar heime òg. Men det han kanskje meinte, var at med mykje folk utanfrå og mange som blir opptatt av å tene (og tene på) turistane, så kjem den gamle hjelpsemda i bakgrunnen.

Eg syns no folk er veldig vennlege, eg. Det blir sagt at Rarotonga er som Tahiti for 20 år sidan. Men eg ser jo at det ikkje gjeld alle (eg skjønar ikkje kvifor dei tre postdamene eg har møtt, skal vere så sure i ein så hyggeleg jobb. Slik er`kje det heime!). Der det kjem flest turistar, på dei finare hotella og restaurantane, er folk først og fremst proffe, profesjonelt vennlege, og effektive. Det er i møte med folk på dei små butikkane, barane og restaurantane og ute i dagleglivet elles - at vi mest møter den gode vennlegheita som særpregar folket her.

gjengen.jpg (26560 bytes)Men i riktig gamle dagar var folk så overstrøymande at det i lovs form måtte slåast fast at folk ikkje måtte vere for vennlege mot folk som kom til landet! T.d. måtte folk få komme i land frå båtane før folk tok tak i dei for å gjere dei til sine vener. Misjonærane stod bak desse lovene, og dei var ikkje minst redde for den dårlege innverknaden frå andre kvite enn dei sjølve...

Men ting forandrar seg. M.a. må Rarotonga ha ein aldersheim, det var heilt utenkeleg før i eit land der familien betyr så mykje. Ungdom flyttar heimanfrå før dei gifter seg og lever sitt eige liv. Og narkotika har òg blitt eit fenomen som avisa her brukar ein del spalteplass på. I eit møte i landsbyen Matavera vart narkotika diskutert. Politifolk som var med, var opptatt av at ungdommen fekk ein aktivitet som heldt dei vekke frå gata. Vi kjenner diskusjonen? Og det skjer her, endå så utruleg mange er med i dansegrupper, idrett og/eller kristlege aktivitetar...

Men ei engasjert kvinne på møtet var ikkje fornøgd med dei kristelege sin innsats: "Kyrkjefolka lever i si eiga verd, dei veit ikkje kva som skjer". Ho meinte at kyrkjefolk som vender det blinde auga til problemet, er hykleriske. "Dei kan ikkje berre gå i kyrkja og be, dei må gjere meir med problema enn dei gjer, det er ei skam", sa den modige dama i dette landet fullt av kyrkjegjengarar.

jente_tommel.jpg (19747 bytes)

No ser ikkje landet her ut til å vere plaga av den store og tunge kriminaliteten. Narko-saker er òg uskuldige etter våre mål. Nesten kvar dag har politiet ein spalte i lokalavisa: "Police Roundup", som fortel kva som er ført inn i politiloggen. God underhaldning. Mykje går det i fulle ektemenn, sambuarar og søner som lagar bråk og må kastast ut. Politiet rykker ut. Kommentar: "Saka ordna". Fylla er nok mykje meir skuldig i politisakene enn narko. I tillegg er det ein god del innbrot i privathus, og der er visst ungdom på leit etter pengar i hovudtyngda. Og så er det turistar som har mista kameraet sitt...

Det er faktisk eige fengsel her på øya. Ca. 15 fangar sit inne, og alle er menn mellom 20 og 30 år! I nesten alle saker er alkohol med i bildet, og ingen fangar blir klassifiserte som spesielt farlege. Mykje av jobben ser ut til å gå på å gjere dei skikka til å gjere eit arbeid. Den eine litt farlege forbrytaren kom seg ut nokre dagar i august, det var ein del oppstyr og vi sov litt dårlegare. Men det er ikkje så langt å komme seg, her på øya, og snart var han inne igjen. For eit par år sidan klarte ein å rømme ut av landet, som blindpassasjer på ein båt til Tahiti! Det alvorlege var at han var kokk i fengselet, og det var stor glede hos medfangane då han vart fakka og sendt tilbake!

GråverI nabostaten Niue har satsministeren foreslått å stenge heile fengselet. Han vil gjere det til ei 2000-års-gåve! Pengar spart, og dei få fangane landet har, må kunne få oppbevaring (husarrest?) eller noko slikt. Politisjefen er ikkje særleg blid, og minner om at nokre av fangane faktisk har ei straff opptil 9 år for incest, voldtekt o.l.

Statsministrar kan ha enkle løysingar. Vår statsminister har det ikkje enkelt, men han nektar å gå av trass i at 14 av 24 parlamentsmedlemmar har skrive under på at dei støttar ei ny regjering. Nei, det er berre tull, seier Joe. Eg sit til 17. november når parlamentet skal møte, så får vi sjå. Og dronningas representant (dronning Elisabeth!) vil førebels ikkje gripe inn, han held seg til Joe. Og når vi snakkar om uversskyer: På 3 døgn i byrjinga av veka, kom det meir regn enn på ein heil vestnorsk uverssommar. Nedbøren målte vi i meter, 0,5 meter på vegen opp til huset vårt...

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok