Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 30. oktober 1999

 

Kia Orana!

Tysdag var det Gospel Day på Rarotonga. Det er offentleg fridag, og Gospel Day er til minne om då "the Gospel", den kristne bodskapen, vart førd hit til øya av engelske og polynesisiske misjonærar for snart 180 år sidan. Halve øya var samla i Titikaveka for å markere dagen.

gd_synged_stav_bakgr.jpg (34867 bytes)

Og for ei markering! Klumpen stod i halsen meir enn ein gong når vi såg på korleis den eine landsbyen etter den andre stolt viste fram sitt program. Alle generasjonar i landsbyen var med, frå 5-åringane til "the mamas", på sine 70 og 80 år, dei sprekaste og lystigaste på vollen. Nesten 6 timar varde festen, frå halvni om morgonen. Då hadde vi fått med oss 6 kinnaspel! Det var bibelspel og historiske spel, krydra med masse song, musikk og dans (frå tradisjonsdans til brake-dans), fargerike kostymar, masse utstyr og ei utruleg glede over det dei fekk vere med å presentere. Og danserytmene bind alle saman på tvers av alder. Gjøgling og opptrinn som vi nok ikkje ville finne på ein norsk kyrkjevoll, på grensa til det blasfemiske. Til stor latter hos publikum, men likevel berre glede og lovprising.

Gospeldag i Titikaveka
Kva skulle vi t.d. seie om opptrinnet der ein flokk eldre kvinner og menn blei fanga av barske krigarar. Til stor latter blir dei dratt over grasbakken fram til den kjempesvære gryta, der den eine blei kasta opp i og det blir tent på(!). Han skulle kokast til bryllupsmat, må vite. Men med eit lurt smil dukkar han opp frå gryta med ein kross i neven, som sjølvsagt bergar han. Brått er krossen skifta med mikrofon, og til moderne gospelrytmer, syng han saman med 100 kvitkledde barn på ei tribune. Så stig Jesus sjølv opp, i sterk røyk bak tribuna i ein svært portal, løfta av ei solid gravemaskin. Sterkt!

Gospeldag i TitikavekaDette var ein liten del av det timelange programmet som Arorangi-byen viste på kyrkjevollen denne tysdagen. Kvar landsby (kyrkjelyd) har brukt lang tid på å øve inn kvart sitt program. 100 til 200 menneske i kvar gruppe pluss alle bakfolka som ordna med lyd, musikk, sceneutstyr, kostyme (alt kvitt bommullstøy som har funnest på øya må ha gått med til drakter desse siste vekene!). For eit samhald dette må skape i kvar landsby, kor mykje strev og glede der alle aldrar jobbar i lag. For ein verdi å ha noko slikt å jobbe fram mot.

Eg sluttar ikkje å bli imponert over det kolossale engasjementet hos så mange når slike fellestiltak skal skapast. Veka før var det Tumutevarovaro-leikar på øya heile veka, der alle øyane var inviterte til å delta i eit utal av øvingar, og i alle aldrar. 23 medaljar vart utdelte berre i triathlon - yngste klasse: under 13 år, eldste: Kvinneklassa over 45 år... Eit par tusen medaljar utdelt, t.d. i friidrett, basketball, fiveside-fotball, sandvolleyball (kor elles burde ein drive med slikt!), tennis, segling, softball, darts osv. Elevane hadde vårferie, og svært mange av dei var nok fullt engasjerte i idrett heile veka. Og mange frivillige for å få det heile i hamn.

Sluttfesten var eit 4 timars program på stadion i Arorangi. Siste delen var eit kulturprogram med song, musikk og dans - dei fleste på scena var frå denne landsbyen. Moderne rytmer og tradisjonsmusikk.

Og god og masse lyd! Frå eit stort og profesjonelt anlegg. Under vanskeleg tilhøve. Det skal vedgåast at veret har vore vått i det siste, nesten heimleg - bortsett frå temperaturen. Og å ha mykje utandørs leidningar og koplingar i silande regnver, er risikabelt.

Eddie WichmanMen folka frå Teura Music klarde det. I Arorangi har Eddie Wichman (biletet) og kona hans bygd opp eit profesjonelt lydstudio, som m.a. har gjeve ut 12-13 cd-plater i løpet av eit års tid.(det er to studio til for dei 10.000 menneska på øya. Det skal mykje musikkrefter til å halde studio i arbeid). I det smakfulle studioet har dei det som trengst av opptaksutstyr og musikkinstrument, og Eddie, som spelar dei fleste instrumenta sjølv, brukar mykje tid på å hjelpe fram ungdommar og grupper som vil opptre eller lage plater.

Always i platestudioet
Nett no spelar dei inn andre cd-plata med jentegruppa Always. Desse jentene mellom 15 og 20 år har stor suksess med songane sine til moderne rytmer og vekslar mellom maori og engelsk tekst. Tre av jentene dansar i dansegruppa til St.Mary-kyrkja (som òg møtest minst ein gong i veka, så tida til anna enn dans, musikk og skulearbeid i Arorangi, finst nesten ikkje for jentene). Tradisjonsdansen viser att på hoftevrikken på scena. Dei er dagleg å høyre i lokalradioen og er med på dei fleste store arrangement på øya, t.d. avslutninga av rugbyserien på stadion i dag! Dei har m.a. vore i Australia og henta heim ein pris, og lagar musikk å bli glade i. Eddie og folka hans står for alle musikkarrangement og litt av komponeringa, òg. Ikkje tvil om kva som blir juleplata i år....

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok