Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 6. november 1999

 

Kia Orana!

Det er vel gammalt nytt at All Blacks/New Zealand rauk ut av finalen i Rugby-VM etter eit forsmedeleg tap mot Frankrike. Her nede er vi sjølvsagt sjokkerte over at eit europeisk lag klarde å slå ut favoritten, og finalen er uinteressant sjølv om Australia er med. For ein nabokamp dette kunne blitt!

Men for oss var eit anna nabooppgjer i rugby likevel viktigare. Sist laurdag gjekk finalekampen i den lokale rugby-cupen mellom Avatiu Eels og Arorangi Bears. Mot hovudstadlaget Avatiu var Arorangi "The underdogs" og hadde dermed òg den mest entusiastiske og lydsterke tilhengarskaren. 2000 menneske på tribunene, kledde opp i dei lokale fargane og med rikeleg medbrakt moro på flaske og boks, skapte høg stemning. Innøvde kamprop i begge laga, og lydstyrken når ein av front-løparane storma mot målstreken med ballen under armen, braut alle grenser for kva som er bra for øyra. Nabokampane mellom Førde og Florø blir bleike affærer i ein slik samanheng, i allefall på tribunane. Sidan bana var både våt og sleip, og mykje av spelet i rugby forgår i mølje heilt nede i grasrota, var moroa ekstra stor. Etter 5 minutt var det ikkje mogeleg å sjå fargen på draktene. Resultatet? Avatiu 26 - Arorangi 25!

Miss South PacificEi anna storhending denne veka: Muri-jenta Liana Scott blei kåra til Miss South Pacific for ei veke sidan. Måndag kveld kom Liana heim til Rarotonga. Og vi var frammøtte for å møte prinsessa, sjølvsagt for å gje rapport til heimlege lesarar. Firdapostfotografen fekk til slutt pressa seg inn i VIP-lougen, og vi har dermed bildet av den vakraste i Stillehavet!

Vår ven, bartendaren på Trader Jacks var ikkje til stades. Han trekte på skuldra av det heile. "Eg ser ho kvar dag", sa han - berre ei jente i nabolaget. Han skulle i staden heim og pynte grava til mor si. Grava har han som så mange andre heime i hagen, og på denne Alle helgens dag skulle han som katolikk minnast mora med lys og blomar på grava. Det var eit eventyr å sjå den katolske kyrkjegarden fløyme over av blomar og levande lys.
pynting av graver på allhelgensdag

Alle desse hendingane vart grundig dekt i Cook Island News, som ei skikkeleg lokalavis skal. Staben på ca.10 gjer jobben sin godt. Dagsavisa på 8 sider (16 på laurdag) er blitt livsnødvendig. Kvar dag opnar vi avisa med spenning og lurer på om det kjem nye avsløringar om statsministeren og hans folk. Utanriksnytt på 2.sida har med det viktigaste: Jordskjelv, togulykker og situasjonen i Timor, som opptar mange på desse kantar av verda. 3.sida er nytt frå andre stillehavsøyar, meir uro på dei fleste enn i idylliske Cook Island. Så kjem meir lokalstoff med festreferata og anna smånytt. Miljønytt og lesarbrev. Alex Sword - redaktør av CINewsNest siste side er viktig: Skips- og flynytt, flod og fjøre, verkart og teikneseriar: Fantomet - og Hårek den hardbalne! Slik er det vi vikingane blir presenterte dagleg. Siste-sida har sporten, minst sistesida!

Avisa er god, men redaktør Alex fortel at dei slit for å klare seg. Eit opplag under 2000 og ein laussalspris på 3 kroner gjev ikkje mykje pengar i kassen. Annonsepengane hjelper i tillegg til at lønene er låge. Derfor er det ekstra flott å sjå kor modig og kritisk avisa er i veldig mange saker. Så heiter då òg redaktøren Sword til etternamn!

TV-redaktør Shona PittEndå meir slit Cook Islands radio og TV, og dei to damene som er radio og tv-sjef fortel at her må dei stelle pent med alle annonsørar og styrande om dei skal kunne halde sendingane i gang. Ikkje rart når dei skal lage heildags radio- og TV-sendingar til 10.000 menneske. Då er dei avhengige av både betalte overføringar frå dagslange møte i parlamentet, religiøse sendingar som kjøpesterke kyrkjesamfunn betalar godt for, betalte halvtimes intervju med statsministeren(!) og all den reklame dei kan få inn. M.a. betalar kjøpesenteret for "dagsrevyen" med firmanamnet på plass under heile sendinga. Kringkastinga vart privatisert for nokre år sidan, og for 10 år sidan dreiv òg staten avisa.

Radiosendingane må vi òg ha med oss. Viktigast om morgonen, med nyhende og innringingsprogram, innimellom musikken. "Papa", som har hatt desse sendingane, og som nok har vore viktig i radioen, skal no bli fiskar, løna i radioen var for dårleg! Utover dagen er det mest musikk, der ungdommane rår grunnen midt på dagen, og då er hovudtyngda vestleg musikk. Elles er mykje av songen og praten på maori, sjølv om gammalpopen har gode tider i lokalradioen. Konkurrenten (FM-radioen) er musikkradioen som tyt ut av alle høgtalarar i butikkar og frisørsalongen. Begge stasjonane tar inn nyhendesendingar frå New Zealand. Derifrå kjem òg Stillehavstoppen - og her i veka tonte Lene Marlin ut gjennom høgtalaren -dessverre datt ho frå 14. til 23.plass. I fjernsynet er det meste innkjøpte billege seriar og filmar og kjøpte nyhendemagasin. Mest kvar kveld er det lokal dagsrevy. Også øya Aitutaki med sine 1300 menneske har sin eigen TV-stasjon!

Radioredaktør Jeane Matenga
Cook Islans radio og TV er ein familiebutikk. George Pitt (1.pastor i Assembly of God!) kjøpte radio og TV då stasjonen gjekk konkurs for eit halvår sidan. Søstra, Shona er TV-sjef og kona, Jeane er radiosjef, medan broren gjev ut programbladet! Men dei to jentene er saktens dyktige nok og har bein i nasa. Jeane har m.a. bygt opp det meste av internett-systemet på øya, og no er Rarotongarane kanskje mellom dei fremste internettbrukarar i verda - ikkje så rart så langt til lands som det er her!

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok