Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 13. november 1999

 

Kia Orana!

"Don`t worry, be happy" er ein karibisk låt som er populær på lokalradioen. Og "happy" skulle ein vel vere her, med sommar heile året og mat som kan plukkast frå trea! Rike er ikkje alle: Ei timeløn på 20 kr, offisiell gjennomsnittsårsløn på 25.000. Politifolk, lærarar og andre i staten kan komme opp i 50-75.000kr. Mykje blir importert og er dyrt som heime. Mange har to jobbar. Men kvifor "worry" når det er kokosnøtter og taro i hagen og grisen i band har fått nytt kull? Og når lagunen og havet ligg der med papegøyefisk og tuna?
Papegøyefisken er vakker, men nydeleg grillmat!

Skikkeleg fattigdom er lite å sjå, tigging finst ikkje. Ei skuggeside er alkoholmisbruket, særleg hos mannfolka (brennevinet er billeg), og politiloggen i avisa fortel om barne- og kvinnemishandling. Men dette ser vi lite i den smilande kvardagen.

Mopeden er viktigaste framkomstmiddelPickupen er på alle tun, mange fine bilar rullar rundt (tal bilar pr. km veg må langt overgå Norge), og alle har mopedar. Dei kom hit på 60-talet, og har skulda for at mykje av den gamle orden i landsbyane braut saman, sa ein eldre kar eg møtte på stranda (han skriv kulturhistoria for Cook-øyane). Før mopedane sat folk ute på verandaen og følgde med i det ungdomen tok seg føre, og alle visste alt. Men med mopedane vart dei brått i stand til å dra i full fart til andre stader på øya, gjere avtalar og møtast, og ingen visste kva dei tok seg til. I løpet av 3-4 år var dei gamle ordningane oppløyste! No er det forresten like gjerne gamlemor som susar av garde på mopeden...

I eit land med ein gjennomsnittstemperatur på 25, er ikkje dei store, isolerte husa nødvendige. Husa er bygde i vestleg stil, enkle på eitt golv. Det er mur eller bygningsplater, flislagde golv, bølgeblekktak. 50-100 kvadratmeter, med kjøkken og stove i eitt, kjøleskap og gasskomfyr. Soverom etter behov og økonomi, bad med dusj og vaskemaskin og vanleg heimleg vassklosett. Luftevennlege vindauge (med myggnetting for pyser), og vifte i taket for dei med fine vanar og god råd. Luksushus finst, nesten så store som eit norsk husbankhus.

Vi ser òg fattigslege, falleferdige hus, somme berre med eit enkelt kjøkken ute. Men hagen er fin, full av blomebuskar - eit eventyr. Og kortklipte plenar. Før såg helserådet til at husa heldt ein standard som gjorde at ungar kunne vekse opp der. No ser dei berre ute: Er hekkane stussa og plenane klipte slik at ikkje mygg har ein yngleplass? Dengue-feberen er den store skremsla og redsla
Hus i Vaimanga.

Det er ikkje mogeleg å leve på solskin og kokosnøtter åleine, syns mange. Det er ikkje mange arbeidsplassar i jordbruket. NZ (New Zealand) klarde aldri å ordne ein skikkeleg eksport av frukta. Og no er konkuransen for stor. Turisme og offentleg arbeid gjev mest arbeidsplassar. Butikkfolk og frisørar trengst alltid (men med frisørar som gjer unna ein kunde på 10-15 min., trengst det ikkje så mange av dei heller!).

Landet fekk eit sjokk for tre-fire år sidan då økonomien var heilt i grøfta. NZ ville ikkje lenger bruke så mykje pengar i støtte. Halvparten av dei 4000 tilsette i staten (kommune og fylke finst ikkje!) måtte slutte. Med eit folketal på 20.000 kunne det vel vere rom for enkelte innstrammingar. Mange reiste frå landet for å få jobb. Folk herifrå kan fritt reise til NZ og Australia for å få jobb, men det vart mange vonde oppbrot, der heile familiar drog og hus vart ståande tome, eller der far eller andre familiemedlemmar drog og skulle sende pengar heim. Turismen leid òg, folk reiser ikkje til eit land som er krisestempla.

Men - no går det visst rette vegen att. Det blir fleire turistar og fleire andre arbeidsplassar. Folketalet aukar. Ungdommane reiser enno. Det er ikkje rart at nokre vil dra frå eit land på 18.000 menneske og søke lykka og bli rike. I NZ finn dei slekta, mellom folk som har reist før. Men heimlengten er der. Og no er pensjonslova i NZ endra slik at dei kan ta med seg pensjonen heim når dei har jobba der i 20 år. Ein kjenning på Muri jobba i NZ i 30 år. Han er enkemann, er blitt pensjonist i ein alder litt over 60 år. Og no bur han her det meste av sommarmånadene (frå sept til mars), drar ut nesten kvar morgon og hentar fisk utanfor revet, og sit elles i skuggen og pratar med gamle vener. I jula (midtsommars) kjem ungane som studerer i NZ hit.

Cook-øyane mista mykje i den hundreårige kolonitida si, men no er NZ eit tryggingsnett.

Sport: Cricket-sesongen er i gang, endå ein av desse merkelege idrettane i dei tidlegare engelske koloniane. Old-boys starta først, solide karar som fyller godt dei kvite skjortene og buksene. Lite trim, men mykje moro. Men sport er jo veldig alvorleg: Det burde den kvinnelege statsministeren på NZ tenkt over. Etter at NZ så forsmedelege tapte i rugby-VM, kom ho til å seie: "Well, it`s just a game". Det skulle ho ikkje sagt. Gallupen raste nedover! Kjell Magne ville aldri sagt dette.

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok