Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

 

Reisebrev frå Rarotonga
av
Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 20. november 1999

 

Kia Orana!

Sist veke skulle det vore Tiare-festival (blomsterfestival) på Rarotonga. Eit høgdepunkt både for lokalfolket og besøkande på denne tida av året. Finale med tiareprinsesse og blomsteropptog på laurdag med svære dekorasjonar på rullande køyretøy. Noko å glede seg til. Så vart festivalen utsett til månadsskiftet. Ille for dei med billett heim den 15. november! Ikkje rart at enkelte på turistkontoret reiv seg i håret, festen hadde stått i alle program i eitt år.
Hibiskus  Hawaiirose
Men elles er det blomsterfestival heile året, ei umåteleg blomeprakt over alt. Og folk er umåteleg glade i blomane. Favoritten min er hibiskus (minst 70 ulike artar). Men "nasjonalblomen" er gardeniaen. Alltid når det skal lagast kransar til å ha rundt hovudet eller halsen, er denne blomen med. Kvit fylt rose og med ei kraftig, nesten for sterk parfymelukt. For kvinnene er ein blomekrans i håret eit stasplagg i dei fleste samanhengar. Den enkle blomen bak øyret er ofte frangipani, mjuk gulkvit. Blome bak høgre øyre betyr at du er opptatt, gift, har fast følgje. Er blomen bak venstre øyret, er du ledig... Grei og oversiktleg ordning!

Mama med krans
R
arotonga og Cook-øyane er til å bli glad i. Varmen frå sola og frå folka er like sterk! Til meir du lærer folk å kjenne, til meir merkar du den ekte varmen. Derfor er òg historia her fylt av folk som har kome hit, men ikkje kome herifrå. Mytteristane på Bounty stogga rett nok ikkje. Dei var dei første kvite som ankra opp utanfor Rarotonga. Men nett då var dei på leiting etter den isolerte øya der det ikkje budde folk og ikkje fanst gode hamner. Og då passa ikkje Rarotonga (m.a. er dette ei viktig hamn for mange av dei seglbåtane som er ute på si Stillehavssegling, no på veg til New Zealand for å finne sikrare hamn i orkan-sesongen).

Sjøfolk og eventyrarar av alle slag har funne ei evig hamn her. Alle blei ønskt varmt velkomne og vart forelska både i øyane og folka her. Mange sjøfolk gifta seg med ei sydhavsprinsesse, og ekteskap mellom innfødde og tilreisande har vore og er så vanleg at det nok etter kvart er svært vanskeleg å finne reinrasa polynesiarar. Og resultatet av "raseblandinga" er berre positivt, ser det ut.

Norge har mange sjøfolk, og derfor er det ikkje rart at nokre av dei òg har støytt på grunn her. Ein av dei, kaptein Reinhard Jonasen, gjekk ned med skuta si nær Tahiti, og kom til øya Aitutaki (ei fantastisk øy som hadde fortent ein heil rapport, og som det er lett å tape hjartet sitt til, m.a. med ein ufatteleg lagune som utgjer 9/10 av øya). Han vart likså godt gift med enka etter høvdingen og vart sjølv høvding. Han har late etter seg ei ætt med mange Jonaser både på Aitutaki og Rarotonga. Innslaget av lyslugga, blåøygde folk finn vi på begge øyane. Og i telefonkatalogen finn i spora etter folk frå heile verda, m.a. fleire stykk Rasmussen, ein dansk sjøkaptein som fann kjærleiken på den vesle øya Penryhn.

Og no for tida kryr det av lyslugga ungar langs strendene. Rarotonga har blitt eit reisemål for mange småbarnsfamiliar frå heile Norges land. Mange av småungane lever nesten meir i vatn enn på land på dei barnevennlege strendene. Og ein må ikkje vere rik for å dra hit om ein vil. Eit 4-5 månaders opphald med alle utgifter dekt, inkludert flyreiser og alt ein må ha for å leve (godt), vil for ein familie på 4 koste omtrent det ein middels dyr familiebil gjer, eller mellomlegget mellom ein ny Ford Mondeo og ein brukt Toyota Corolla! Så spørst det kva som gjev mest og lengst glede... Med Gros romslege fødelspermisjonar og Valgjerds kontantstøtte blir opphaldet for småbarnsforeldre endå meir overkommeleg!

Lyslugga jenter dansar maoridans
No i veka var det skulefest på festplassen, lys- og svartlugga ungar i fin blanding. Det var den engelske skulen på øya som hadde marknad for å få inn pengar til skuledrifta. Sjølv om engelsk òg er hovudspråk i den ordinære skulen frå 4. klasse, vel mange som er her på åremålskontrakt frå t.d. New Zealand (og turistar), men òg mange lokale, den engelske privatskulen. Fint då at ein hovudpost i programmet var ein lokal "drumdans" i tradisjonelle drakter og med song på maori.

Vil paradiset vare? For 50 år sidan kom journalisten og forfattaren Ronald Syme hit, vart forelska i øyane og ei ungjente på 15 år som han gifta seg med. Dei siste av dei to bøkene handla om øyane her. Siste boka kom for 20 år sidan, og var djupt pessimistisk. Paradiset var øydelagt. Ingen padla i kanoane sine for å fiske lenger, humoren var borte, folk var ikkje så vennlege og hjelpsame. Dottera, Florence, som er journalist i lokalavisa, er ikkje nådig: "Alle desse gamle menn som ein gong fann paradiset her, vil at alt skal vere som det var. Eg trur det meste som har skjedd, er positivt for øyane her. Men folk sine verdiar forandrar seg, ingenting står stille."
Gardenia
Eg ser berre korleis det er, og det blir tungt å forlate. "Meitaki maata" (tusen takk) for følgjet, eller "thank you maata" som mange seier i dette svært tospråklege samfunnet.

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok