Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 4. september 1999

 

Kia Orana!

Folk som er trygge på seg sjølv, kan møte andre generøst, romsleg, humoristisk og stolt utan å vere sjølvgode. Det første ordet eg fann som karakteriserte Rarotongarane var: Sjølvtrygge. Og inntrykket berre festar seg. Det er inga kryping for turistar, ingen som spring etter deg for å selje deg noko (og prutar du på ein pris, betyr det at du ikkje tar folk på alvor, det er ei fornærming. Det same gjeld drinks, prisen står jo på rekninga...).

Dei presenterer seg sjølv, historia, handtverket og kulturen humoristisk og ironisk (vennlegsinna fleiping med New-Zealendarane som hadde Cook Is. som koloni fram til 1965), og ikkje minst sjølvironisk. Du får alt på ein dag på "Cultural Village", pedagogisk og interessant.

mopeddamer.jpg (24927 bytes)
Det er eit folk og eit samfunn å bli imponert over. Ikkje minst kvinnene, som kjem susande på mopedane eller bak rattet på pickup-ane - i alle slags aldrar og storleikar. Dei ser ut til å vere fullt likeverdige i alle situasjonar, og dei står trygt fram i alle samanhengar der vi møter dei - flinke og serviceinnstilte, snakkar engelsk suverent og skiftar på sekundet til raske maori-samtalar.

Dei er flotte jenter/kvinner så dei kan pusten frå deg, enten om du ser dei ut frå vestlege kvinneideal, eller etter dei gamle ideala, der dei som hadde råd til det, fødde dei finaste jentene fram til ei solid vekt. God vekt forhindrar dei ikkje i å opptre overlegent og sjølvsikkert, i alle samanhengar. Denne helga er det Miss Rarotonga som skal kårast. Det blir nok etter vestlege ideal, og konkurransen blir knallhard. (Om det er tilfeldig at kåringa fell saman med farsdagen her nede, skal vere usagt. På "Foodland" finn du i alle fall farsdagspakken i ulike variantar, men det faste innslaget i alle pakkar, er brennevinsflaska. Far skal kose seg!)

mama_jente.jpg (13975 bytes)Jentene driv butikkar og bedrifter, ei ungjente er sjef for Radio Cook Island, og kvinnene er det stabiliserande elementet i mykje av samfunnslivet, her som så mange andre stader, trur eg. Mens mennene går på bar, går kvinnene på grenda- eller kyrkjelydshuset for å diskutere familiestell, kjeldesortering, lekselesing osv.

Tøffe jenter blir sette pris på. Det er kanskje ikkje tilfeldig at einaste nyhendet som til no har nådd fram frå Norge til lokalavisa her nede, er meldinga om den eldre dama i Fredrikstad som eigenhendig tok hand om ein innbrotstjuv, og drog han etter beinet bort til telefonen for å ringe etter politiet!

Ei av dei dyktige forretningskvinnene blir kalla Pa Ariki. Det kjem av at ho er leiar for "overhuset" her i landet, eit styringsorgan som har lite å seie politisk, men som representerer dei gamle høvdingslektene (Ariki-ane)som i si tid delte øya og øyane mellom seg. Ho har vore så syndig at ho har leia ein kampanje mot den nyvalde statsministeren, dr. Joe Williams, som ikkje har framstått i eit direkte positivt lys. Ho, i lag med mange andre (kvinner), leia ein aksjon - "Say no to Joe", m.a. med eigen seksjon i det lokale "17.mai"-toget! På avslutninga av den vekelange feiringa skulle ho ha talt i lag med statsministeren og dronningas (Elisatbeths!) representant. Brått stod ho ikkje på talarlista! Og den lokale radio- og fjernsynsstasjonen, som er avhengige av kvar ei sponsorkrone for å overleve, måtte rykke ut med annonse i lokalavisa og trekke tilbake ei anna dame si uttale i ei sending, m.a. "Dr.Williams was a liar and not to be trusted"!

Edre_dam.jpg (14247 bytes)Det er godt å vere utan den heimlege valkampen for ein gongs skuld, tenk å sleppe å sjå TV-debattane! Her på øya slit vi enno med etterverknaden etter valet i juli. Og her er politikken for mennene - eit spel for menn som har vore med lenge og som no er mellom 50 og 60 år. Parlament og regjering må eit land ha om det berre er 16.000 menneske. No er stillinga 12-12 i parlamentet fordi det må omval til på Pukapuka, der dei ca.300 røysteføre kan avgjere om dr.Joe blir verande statsminister. Valet blir i september. Spennande!

Dr.Joe var eigenleg ikkje særleg aktuell - han bur tilogmed på New Zealand, og blei vald av Cook Islandarane som bur i utlandet! Han var ikkje fornøgd med posisjonane gamlestatsminsteren ville gje han, dermed hoppa han over til motstandaren sitt parti i lag med to til og blei lova god jobb i den nye regjeringa. Men etter ein tur på golfbana, var Joe tilbake i partiet sitt, men no som statsminister.

Ikkje rart at dette skaper bølgjer. Den modige lokalavisa, Cook Island News har nesten hatt daglege oppslag som ikkje nett har sett Joe og gjengen hans i noko godt lys. M.a. om løner himmelhøgt over gjennomsnittet, som styrkar mistanken om at å få posisjonar er viktigare enn politikken. Det er eit stykke veg frå den heimlege politikken. På dette området har Kolbjørn & co lite å lære!

Dette er spelet om makta, som det ser ut til at kvinnene er utanfor. Men det har ikkje alltid vore slik. T.d. var tre kvinner dei mektigaste høvdingane då landet forhandla med Storbritannia for å få deira vern då landet for 110 år sidan følte seg truga av franskmennene på Haiti.
2jenter.jpg (13304 bytes)

Folk er engasjerte (m.a.i friske innringingsprogram i lokalradioen), og "kvinneaksjonen" og lokalavisa sine mange oppslag har pressa regjeringa til å trekke enkelte framlegg. Folk tar det heile med humør og ikkje ubetydeleg ironi i mange samanhengar (på landskampen i rugby mellom Tonga og Cook Islands, den vi tapte, ba den underhaldande speakeren oss å halde bana ryddig og ta med oss søppelet. "We have a saying on Rarotonga: Say no to rubbish!" - til stor jubel fordi alle tenkte på Joe.

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok