Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

trykt i Firdaposten 11. september 1999

foto: j©stein

 

Kia Orana!

Det er vel ikkje lett å vende merksemda vekk frå valet no i innspurten. Her nede får vi vite resultatet alt måndag morgon kl.09.00 lokal tid, så det er berre å ta kontakt! Det har blitt lite heimleg valstoff som har nådd denne sida av jorda, men vi har smugtitta på valsidene på internett, og ser at heller ikkje kommunevalet går fri innvandringsdebatten. Cook-øyane er eit land der mange er eit fruktbart resultat av raseblanding (mest europeisk og polynesisk).Men alle er stolte Rarotongarar. Her har det òg så vidt vorte ein innvandringsdebatt i det siste. Dr.Joe, statsministeren, lufta ein tanke om å la pensjonistar på New Zealand få hus og pleie her på øya - truleg då rike pensjonistar, for å få kjærkomne inntekter til landet. Avisdebatten har gått på kva dette ville bety for det opphavlege, lokale, for kulturen - særleg om då dei rike pensjonistane dreg heile familien sin hit. Unekteleg eit litt anna perspektiv på innvandringsdebatten.

ikurangi_blometre.jpg (29974 bytes)Og for å flytte perspektivet endå meir: "Rarotonga er særdeles vakker - ei irrgrøn øy med eit fjellandskap som er eit syn for auget. Innlandet er nærast ubefolka og urørt, dei trange dalane og steile fjellsidene er rett og slett for bratte og overgrodde til busetjing. Derimot er kystområdet grøderikt, jamt befolka, velstelt, reint og vakkert... Ein skulle nesten tru at nokon sveiper rundt øya kvar morgon for å sjå etter at vegane er kosta og blomane stelte og vatna. Det heile blir omkransa av ei nesten samanhengande rein, kvit strand med ei krystallklar, grunn lagune - skild frå dei evige bølgjeslaga av eit vernande korall-rev."

Godorda er henta frå ei reisehandbok i Lonely Planet-serien, som har ord på seg for å vere svært pålitelege handbøker. Og det er sant! Det er uvanleg vakkert her nede. Av og til må ein berre stogge opp og la dei overveldande inntrykka sige innpå ein. T.d. på ein sykkeltur rundt øya - det er som å sykle 32 km i ein rosehage. Det bur stort sett folk langs heile vegen, og hekkane ut mot vegen er ei velkomponert blanding av tre og buskar, mange med ein utruleg blomeprakt. Hawai-rosa finn vi over alt på 2-3 meter høge buskar. Med Hawai-rosa sitt korte liv, er det likevel alltid ei masse roser som blømer, i raudt, rosa og oransje. Innimellom finn vi "julestjerner", hibiskus i utallige variantar, ei mengd andre rosetre og alle slags grøne plantar som vi heime har som potteplantar.

Folk her set æra si i at det skal sjå fint ut i hagen og langs vegen. Grasklipparane og dei motoriserte, bråkete kantklippararne går jamt - dei slår og rakar heilt ut i vegen! Eit par gonger har det vore dugnad for å rydde langs vegen (dugnaden er viktig her nede), heile arbeidslag med mannfolk med machete, kantklipparar og trillebårer har gått langs vegen, og røyken har lege tett når kvistar, gras og palmegreiner har gått opp i loge. Sjølvsagt ser vi bosset, her òg. Aluminiumsboksane finn vi att langs vegar og på strender. Enkelte bønder lagar sine bosplassar like opp i husa, der både knuste flasker, landbruksreiskapar og kjøleskap hamnar. Der er dei ikkje heilt ulike einskilde av sine yrkesbrør i gamlelandet...
2hawaii.jpg (53307 bytes)

Vi lever eigentleg farleg. På toppen av eit bratt vulkansk fjell som stig bratt 4-5000 m frå Stillehavsplatået. Der fjelltoppen går over til å bli øy og stig opp av vassflata, har dei ørsmå koralldyra laga ei land-rand rundt øya der kokosnøtta trivst og der mesteparten av folka bur, randa er opptil 400 meter brei. Rundt øya har korallane òg laga lagunen - eit kjempebasseng som er opptil 2-3 meter djupt og 300 meter på det breiaste. Inst ligg jordbrukslandet og jungelen.


Når det er 4-5 toppar her mellom 400 og 653 meter, på ei øy som er jamt 10 km i diameter, er det lett å forstå at det er mange smale dalar og kraftige stigningar. Det er spennande å bevege seg innover i dei frodige, jungelaktige dalane, under svære tre med kraftige kroner, nokre oversådde med vakre blomar, andre overgrodde av klatreplantar som eigenleg er snylteplantar, og som gjer skogen nesten uframkommeleg. Det er håplaust å gje seg i kast med å gå ruter der det ikkje er veg eller oppgådde stigar.

Oppstigningane gjev få naturlege pustepausar. Det er bratt (turen opp frå Solheimsfjorden til Hatlesetnipa bleiknar i samanlikning). Stigen går mykje av vegen rett oppover ein kvass rygg. Vi går gjennom "fern-land" - eit område med bregner med kvasse blad (øya har eit hundretals bregner, og den største ber namnet sitt med rette: Kongebregna kan ha blad på 4-5 meter!). Vi vågar gå ryggane fordi det oftast er tett vegetasjon av ei mengd tre og buskar langs heile vegen, men det er ikkje alle delar av stigen som eignar seg om ein har høgdeskrekk. På dei brattast områda er det laga til med tau eller boltar slik at det skal vere mogeleg å komme seg fram. Og det er ei belønning å sjå ut over denne utruleg grøderike øya, over havet av trekroner og blomar og ut dit bårene bryt mot reva.

Julestjerne.jpg (54003 bytes)
D
et som skil "jungelen" her frå andre junglar, er at det er så stille. Det er eit magert fugleliv, der mynah`en dominerer. Eigenleg blei han importert for å ta knekken på nokre kokosnøtt-biller, og har tatt over mykje av reirplassane i låglandet. Men det finst fleire fugleslag, og i ein tiårsperiode no har folk blitt meir bevisste på å ta vare på fuglane, m.a. då dei i ei fugleteljing oppdaga at det berre var att 29 eksemplar av Kakerori`en (ein flugesnappar som Rarotonga er åleine om). Det var utgangspunktet for at tre grunneigarar og staten gjekk saman om å lage ein naturpark, Takitumu Coservation Area, der dei ville ta vare på den opprinnelege skogen og ulike fugleslag, først og fremst Kakerori. Fienden var først og fremst skipsrotta (Rattus Norwegicus - guiden vår sa namnet med eit skeivt smil), og systematisk bruk av rottegift og andre tiltak har gjort til at no finst det 160 fuglar - og parken er eit eventyr å vandre i.

Når vi kjem heimatt etter ein varm tur inn i den tette jungelen, er det godt å vandre over den kvite sanden og dykke ein støvete, myggstukken kropp i lagunen. Heimlandet er langt unna, nett då, men lukke til (Kia manuia!) med valet!

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok