Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 18. september 1999

 

Kia Orana!

Det er ikkje dansen som er synd, men det er det som følgjer med, sa kristenfolket i gamle dagar. For dei som på 60-70-talet var på dans i Breimshalla eller i Gjesthalla på Vassenden, så var det lett å sjå at dansen førde mykje med seg, rundt novene og i busk og kratt. Men om det var dansen si skuld...

Unge dansejenterMen dei tenkte vel i same lei, misjonærane som forbaud folket her å danse dei gamle dansane sine, då dei streva med å rotfeste kristendommen på Rarotonga og dei andre Cook-øyane rundt 1830. For den lokale dansen var slik at ein lett kunne skjøne at her var det ikkje berre å bevege seg raskt og grasiøst etter trommerytmane. Her var sjølve dansen - i alle fall ein del av han - så klart erotisk i sine rørsler, at den europeiske selskapsdansen måtte verke svært så jomfrunalsk i samanlikning.

Svaiande, forførande hofterørsler. Raske, hissige rørsler, som brått går over i det langsomt dvelande. 5-6-trommer som i lag lagar rytmen, driv heile dansen fram og på sekundet skifter tempo og intensitet, og dansarane følgjer. Mennene i same rytme, med glinsande sveitte overkroppar, men meir krigerske, hofte- og kneskjelv, tett inntil og rundt kvinnene. Mennene (the Warriors) framstiller i eigne dansar krigerske hendingar, fiske, orkanar. Kvar dans fortel si historie.

Hula hula
S
om i sportsreferat har eg gått over frå fortid til notid for å skape meire spenning i framstillinga, men òg fordi dette er dansen no. Misjonærane og prestane kunne sjølvsagt ikkje avskaffe dansen, ein så viktig del av heile folkekulturen. Etterkvart sleppte misjonærane dansen laus igjen, etter at dei hadde kledd meir på dansarane. Og no er dansen og songen og musikken ein levande del av heile folke- og kulturlivet på øya. Å oppleve ei danseframsyning med lokale dansarar, er ein fest og ei oppleving som sit lenge i. Menn og kvinner i nydelege drakter, kvinnene i "hula-skjørt" - som er skjørt laga av borken på hibiskustreet, og kokosnøtt-bh-ar, "og elles ingenting". Rundt hoftene ein vid blomekrans e.l. som forsterkar hoftesvingingane, hovuddekorasjonar i fargerike blomar og blad. Ikkje rart at dette har blitt noko av høgdepunkta her nede, ikkje rart at dansen og musikken i alle handbøker blir framstilt som den fremste i heile Polyneisa. Eg kunne tenke meg at ei slik gruppe måtte gjere furore på folkemusikkfestivalen i Førde om programmet blir slik vi blir presenterte for det på "Island Night" på hotella rundt om på øya. Opp til 40 aktørar i sving, frå 4 år til 50.

DansemeisterMen: Dette er ikkje noko som berre blir laga til for turistane. Dette er ein grunnstamme i livet her. Dansen og musikken er med over alt. I den vekelange grunnlovsfeiringa var det program kvar kveld i den store kulturhallen (som òg er idrettshall med tribuner på tre kantar og scene i enden. Men på dei store kulturfestane er golvet dekt av stolar, slik at det blir plass til 3000 menneske - 1/3 av folket på øya!). Skulane viste sine kulturprogram ein kveld og alle billettar var utselde. Kora (mest kristlege) var i aksjon ein kveld. Ein kveld var det finale i The Songcontest - 25 aktørar (nesten berre jenter) konkurrerte om å bli lokal grand prix-stjerne. Stort sett med kjende pop-låtar på programmet, Celine Dion var spesielt populær. Eit utruleg musikalsk nivå og eit prikkfritt arrangement for 2000 tilhøyrarar, der alle mikrofonar og bakgrunnmusikken fungerte gjennom heile showet på 3 timar).

Og ein kveld var det danseguppene sin tur - over 200 personar på scena, den største frå den katolske kyrkja i Arorongi som prisa sin Gud gjennom dans- og musikk. Topp nivå. (Same dagen var det Coca Cola-finale i tromming mellom barneskulane på øya, framfor kjøpesenteret. Alle stilte med dei tradisjonelle trommene og draktene, og laget som vann, slo med 1,5 liters tome cola-flasker på stortromma! Og dette var ikkje tillaga for turistar.)

Dette er folkekultur på ei nivå som vi berre kan drøyme om, og der alle kan og er med, ikkje minst i skulane. Ei dansegruppe har øving kvar tysdag for alle aldersgrupper, og hoftesvingen hos jentene og kneskjelven hos gutane er på plass alt i 5-6-årsalderen. Ikkje rart at dei blir flinke, etter kvart.

(Ei lita retting, igjen: Det blei inga Miss Rarotonga-tevling på farsdagen. Sponsorane svikta. Men vi fekk sjå Miss Rarotonga 98 i ei dansegruppe på festplassen ein laurdag, då ei representasjonsgruppe presenterte seg før dei skulle på turne til Canada. Eg skal ikkje ta på meg å kåre den vakraste av dei 4 som var framme i dansen.)
Dans på festplassen

Valkommentaren uteblir frå Rarotonga. Alt er stort sett ved det gamle, ser eg, Kolbjørn litt meir populær enn Aud (fordi ho ville spare ei månadsløn på å leggje ned kunstskulen?), for ikkje å snakke om Kjartan. Men dette fortel lokalavisa her nede ingenting om - siste norske melding handlar om 100-åringen som fekk eit fallskjermhopp i bursdagsgåve og tok spranget - slike gutar det vil Rarotonga ha!

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok