Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 16. oktober 1999


Kia Orana!

Litt lenger opp i Stillehavet, vest for Samoa og nord for Fiji, ligg eit endå mindre land enn Cook Islands. I flatevidd faktisk berre på 26 kvadratkilometer, verdas minste, og eit folketal på 10.000. Tuvalu heiter dette minilandet, som består av 9 småøyar (atoll), og som fekk sjølvstyret sitt i 1978. Dette landet, nokre timar flyreisa unna, fortalde lokalavisa om nyleg:

Når vi rundar år 2100, så finst ikkje dette landet lenger - det er ikkje ein flekk på kartet eller for den del på havoverflata. Det ufattelege er at ingen stad på dei øyane som utgjer Tuvalu, stikk meir enn 91 cm over havoverflata. 91 centimeter! Og stemmer det at havoverflata stig mellom 50 og 100 cm dei neste hundreåra, slik forskarane trur, så er landet borte. Dei 10.000 menneska finst det nok plass til andre stader, men det er likevel ein katastrofe. Her blir det bokstavleg: Vi har ikkje noko land å gje over til barna våre.

Då får klimaendringar og drivhuseffekt ei anna menining enn det at gjennomsnittstemperaturen i Norge går opp ei grad eller to - sjølv om det er gale nok. Har de tenkt på det alle de som har gledd dykk over ein umåteleg varm og vakker september!? (Vi veit det, saktens, det har stått i alle meldingar heimanfrå!) Det er nok eit kvart gale, vil sunnfjordingen tenke i sitt vanlege svartsyn. Men gled dykk! Fine haustar har vi hatt før...

Vi som sukkar etter sol (men kryp inn i ein 30-graders skugge etter ein time eller to), trengde kanskje ikkje bry oss. Men det kjem ganske nær: I Kiribati, som ligg endå nærare, er to øyar alt borte. Og det er ikkje rart at dei små Stillehavslanda må samlast for å rope i lag, då kan kanskje røystene deira høyrast. Dei stiller i lag på ein FN-klimakonferanse i Bonn ganske snart, og neste år er Cook Islands vert for eit møte for Stillehavslanda der dei vil vise kva som held på å skje. Tuvalu har ikkje råd til å bli med i FN og tale saka si der, og det hjelper vel lite at ein talsmann for landet seier at dei er svært sinte for at dei industrialiserte landa, særleg USA, forsøker å få "kaste vekk" Koyto-avtalen.

Veret opptar folk, her òg, sjølv i eit land med evig sommar etter vår målestokk. "Veret har ikkje vore seg sjølv etter siste "El Ninjo" herja over øyane", sa ein kar eg prata med. Orkanråd i telefonkatalogen - bind deg fast til eit tre!Og no er ikkje folk skuggeredde her. 4 sider i telefonkatalogen er "Hurricane information" (orkansesongen kan komme i starten av november. Pkt. 19:"If you are outside, anchor yourself to a strong subjekt or tie yourself to a tree.") I fjor var det tørt (eit halvår utan regn), og i år er det enno tørrare sjølv om nokre kraftige regnversdagar nyleg sikkert har hjelpt på. På eit par øyar lenger nord i landet har det vore vasskrise i lengre tid, vatn måtte rasjonerast og fraktast dit, folk fekk ikkje ta imot besøk fordi dei då ville bruke meir vatn.

Dette er små samfunn der ein alltid har prøvd å ta vare på naturen og ressursane. Lenge før naturvern var eit ord, var det her på øya slik at eit Ra`ui-område blei bestemt av høvdingane for å ta vare på ein ressurs eller eit landområde som heldt på å bli "oppbrukt". Der skulle det ikkje gjerast inngrep eller haustast. Slike Raui-område har no igjen blitt oppretta fleire stader på øya, først og fremst i strandsonene og på reva, som gjerne er der turismen òg slit på naturen.

Eit slikt område er ein passasje i revet rett utanfor her. Der var folk vande med å få mykje fisk, men respekterte fredinga. Ei lokal dame tok likevel med nokre turistar dit ut og tok mykje fisk, trass i Raui-skilta. Då ho dreiv og reinska fisken på stranda, kom brått ei kraftig bølgje, den einaste den dagen, og tok med seg heile fangsten ut att! Vårt vitne er ikkje spesielt overtruisk, men då lurde han på om ikkje dei gamle gudar var i aksjon og tok att det som var deira! Han gledde seg.

Når vi snakkar om naturressursar: Norge kan kanskje vere med og gje Cook Isl ei ny framtid. Særleg koboltrik magnesium ligg ute på godt djup. Parlamentsmedlemmet Taio Tapio (med norsk blod i årane - det er ei anna soge som eg må komme tilbake til), kjem til Norge i desse dagar. Han skal tinge om norsk hjelp til å ta opp dette verdifulle materialet (som ifølge statminister Joe skal gjere alle rike! No er han ein statsminister på fallande føter. Same dagen eg prata med Taio, var han hastande frå møte til møte, m.a. skulle han vere med å danne ei ny fleirtalsregjering same kvelden, der han rekna med å ha ein post. Meir om dette seinare...). Mektige norske industriinteresser vil vere med, så vil Bondevik, så... Jammen er verda både stor og liten! Så får vi tru at dette er eit prosjekt som verkeleg kjem folket her på øyane til gode, og der ikkje all fortenesta forsvinn til hi sida av jorda...

post til Edvin

Solnedgang Aitutaki
 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok