![]() |
||
Reisebrev frå Rarotonga trykt i Firdaposten 30. oktober 1999
|
||
Kia
Orana!Tysdag var det Gospel Day på Rarotonga. Det er offentleg fridag, og Gospel Day er
til minne om då "the Gospel", den kristne bodskapen, vart førd hit til øya av
engelske og polynesisiske misjonærar for snart 180 år sidan. Halve øya var samla i
Titikaveka for å markere dagen.
![]() Og for ei markering! Klumpen stod i halsen meir enn ein gong når vi såg på korleis den eine landsbyen etter den andre stolt viste fram sitt program. Alle generasjonar i landsbyen var med, frå 5-åringane til "the mamas", på sine 70 og 80 år, dei sprekaste og lystigaste på vollen. Nesten 6 timar varde festen, frå halvni om morgonen. Då hadde vi fått med oss 6 kinnaspel! Det var bibelspel og historiske spel, krydra med masse song, musikk og dans (frå tradisjonsdans til brake-dans), fargerike kostymar, masse utstyr og ei utruleg glede over det dei fekk vere med å presentere. Og danserytmene bind alle saman på tvers av alder. Gjøgling og opptrinn som vi nok ikkje ville finne på ein norsk kyrkjevoll, på grensa til det blasfemiske. Til stor latter hos publikum, men likevel berre glede og lovprising. ![]() Kva skulle vi t.d. seie om opptrinnet der ein flokk eldre kvinner og menn blei fanga av barske krigarar. Til stor latter blir dei dratt over grasbakken fram til den kjempesvære gryta, der den eine blei kasta opp i og det blir tent på(!). Han skulle kokast til bryllupsmat, må vite. Men med eit lurt smil dukkar han opp frå gryta med ein kross i neven, som sjølvsagt bergar han. Brått er krossen skifta med mikrofon, og til moderne gospelrytmer, syng han saman med 100 kvitkledde barn på ei tribune. Så stig Jesus sjølv opp, i sterk røyk bak tribuna i ein svært portal, løfta av ei solid gravemaskin. Sterkt! ![]() ![]() ![]() Nett no spelar dei inn andre cd-plata med jentegruppa Always. Desse jentene mellom 15 og 20 år har stor suksess med songane sine til moderne rytmer og vekslar mellom maori og engelsk tekst. Tre av jentene dansar i dansegruppa til St.Mary-kyrkja (som òg møtest minst ein gong i veka, så tida til anna enn dans, musikk og skulearbeid i Arorangi, finst nesten ikkje for jentene). Tradisjonsdansen viser att på hoftevrikken på scena. Dei er dagleg å høyre i lokalradioen og er med på dei fleste store arrangement på øya, t.d. avslutninga av rugbyserien på stadion i dag! Dei har m.a. vore i Australia og henta heim ein pris, og lagar musikk å bli glade i. Eddie og folka hans står for alle musikkarrangement og litt av komponeringa, òg. Ikkje tvil om kva som blir juleplata i år.... |
||