Kia
Orana!Det er vel gammalt nytt at All Blacks/New Zealand rauk ut av finalen i Rugby-VM
etter eit forsmedeleg tap mot Frankrike. Her nede er vi sjølvsagt sjokkerte over at eit
europeisk lag klarde å slå ut favoritten, og finalen er uinteressant sjølv om Australia
er med. For ein nabokamp dette kunne blitt!
Men
for oss var eit anna nabooppgjer i rugby likevel viktigare. Sist laurdag gjekk
finalekampen i den lokale rugby-cupen mellom Avatiu Eels og Arorangi Bears. Mot
hovudstadlaget Avatiu var Arorangi "The underdogs" og hadde dermed òg den mest
entusiastiske og lydsterke tilhengarskaren. 2000 menneske på tribunene, kledde opp i dei
lokale fargane og med rikeleg medbrakt moro på flaske og boks, skapte høg stemning.
Innøvde kamprop i begge laga, og lydstyrken når ein av front-løparane storma mot
målstreken med ballen under armen, braut alle grenser for kva som er bra for øyra.
Nabokampane mellom Førde og Florø blir bleike affærer i ein slik samanheng, i allefall
på tribunane. Sidan bana var både våt og sleip, og mykje av spelet i rugby forgår i
mølje heilt nede i grasrota, var moroa ekstra stor. Etter 5 minutt var det ikkje mogeleg
å sjå fargen på draktene. Resultatet? Avatiu 26 - Arorangi 25!
Ei anna storhending denne veka: Muri-jenta Liana Scott blei kåra til Miss South
Pacific for ei veke sidan. Måndag kveld kom Liana heim til Rarotonga. Og vi var
frammøtte for å møte prinsessa, sjølvsagt for å gje rapport til heimlege lesarar.
Firdapostfotografen fekk til slutt pressa seg inn i VIP-lougen, og vi har dermed bildet av
den vakraste i Stillehavet!
Vår
ven, bartendaren på Trader Jacks var ikkje til stades. Han trekte på skuldra av det
heile. "Eg ser ho kvar dag", sa han - berre ei jente i nabolaget. Han skulle i
staden heim og pynte grava til mor si. Grava har han som så mange andre heime i hagen, og
på denne Alle helgens dag skulle han som katolikk minnast mora med lys og blomar på
grava. Det var eit eventyr å sjå den katolske kyrkjegarden fløyme over av blomar og
levande lys.
Alle
desse hendingane vart grundig dekt i Cook Island News, som ei skikkeleg lokalavis skal.
Staben på ca.10 gjer jobben sin godt. Dagsavisa på 8 sider (16 på laurdag) er blitt
livsnødvendig. Kvar dag opnar vi avisa med spenning og lurer på om det kjem nye
avsløringar om statsministeren og hans folk. Utanriksnytt på 2.sida har med det
viktigaste: Jordskjelv, togulykker og situasjonen i Timor, som opptar mange på desse
kantar av verda. 3.sida er nytt frå andre stillehavsøyar, meir uro på dei fleste enn i
idylliske Cook Island. Så kjem meir lokalstoff med festreferata og anna smånytt.
Miljønytt og lesarbrev. Nest siste side er viktig: Skips- og flynytt, flod og fjøre,
verkart og teikneseriar: Fantomet - og Hårek den hardbalne! Slik er det vi vikingane blir
presenterte dagleg. Siste-sida har sporten, minst sistesida!
Avisa
er god, men redaktør Alex fortel at dei slit for å klare seg. Eit opplag under 2000 og
ein laussalspris på 3 kroner gjev ikkje mykje pengar i kassen. Annonsepengane hjelper i
tillegg til at lønene er låge. Derfor er det ekstra flott å sjå kor modig og kritisk
avisa er i veldig mange saker. Så heiter då òg redaktøren Sword til etternamn!
Endå meir slit Cook Islands radio og TV, og dei to damene som er
radio og tv-sjef fortel at her må dei stelle pent med alle annonsørar og styrande om dei
skal kunne halde sendingane i gang. Ikkje rart når dei skal lage heildags radio- og
TV-sendingar til 10.000 menneske. Då er dei avhengige av både betalte overføringar frå
dagslange møte i parlamentet, religiøse sendingar som kjøpesterke kyrkjesamfunn betalar
godt for, betalte halvtimes intervju med statsministeren(!) og all den reklame dei kan få
inn. M.a. betalar kjøpesenteret for "dagsrevyen" med firmanamnet på plass
under heile sendinga. Kringkastinga vart privatisert for nokre år sidan, og for 10 år
sidan dreiv òg staten avisa.
Radiosendingane
må vi òg ha med oss. Viktigast om morgonen, med nyhende og innringingsprogram,
innimellom musikken. "Papa", som har hatt desse sendingane, og som nok har vore
viktig i radioen, skal no bli fiskar, løna i radioen var for dårleg! Utover dagen er det
mest musikk, der ungdommane rår grunnen midt på dagen, og då er hovudtyngda vestleg
musikk. Elles er mykje av songen og praten på maori, sjølv om gammalpopen har gode tider
i lokalradioen. Konkurrenten (FM-radioen) er musikkradioen som tyt ut av alle høgtalarar
i butikkar og frisørsalongen. Begge stasjonane tar inn nyhendesendingar frå New Zealand.
Derifrå kjem òg Stillehavstoppen - og her i veka tonte Lene Marlin ut gjennom
høgtalaren -dessverre datt ho frå 14. til 23.plass. I fjernsynet er det meste innkjøpte
billege seriar og filmar og kjøpte nyhendemagasin. Mest kvar kveld er det lokal dagsrevy.
Også øya Aitutaki med sine 1300 menneske har sin eigen TV-stasjon!

Cook
Islans radio og TV er ein familiebutikk. George Pitt (1.pastor i Assembly of God!) kjøpte
radio og TV då stasjonen gjekk konkurs for eit halvår sidan. Søstra, Shona er TV-sjef
og kona, Jeane er radiosjef, medan broren gjev ut programbladet! Men dei to jentene er
saktens dyktige nok og har bein i nasa. Jeane har m.a. bygt opp det meste av
internett-systemet på øya, og no er Rarotongarane kanskje mellom dei fremste
internettbrukarar i verda - ikkje så rart så langt til lands som det er her!
post til Edvin |
|