Kia
Orana! " Don`t worry, be happy" er ein karibisk låt som er populær på
lokalradioen. Og "happy" skulle ein vel vere her, med sommar heile året og mat
som kan plukkast frå trea! Rike er ikkje alle: Ei timeløn på 20 kr, offisiell
gjennomsnittsårsløn på 25.000. Politifolk, lærarar og andre i staten kan komme opp i
50-75.000kr. Mykje blir importert og er dyrt som heime. Mange har to jobbar. Men kvifor
"worry" når det er kokosnøtter og taro i hagen og grisen i band har fått nytt
kull? Og når lagunen og havet ligg der med papegøyefisk og tuna?
Skikkeleg
fattigdom er lite å sjå, tigging finst ikkje. Ei skuggeside er alkoholmisbruket, særleg
hos mannfolka (brennevinet er billeg), og politiloggen i avisa fortel om barne- og
kvinnemishandling. Men dette ser vi lite i den smilande kvardagen.
 Pickupen er på
alle tun, mange fine bilar rullar rundt (tal bilar pr. km veg må langt overgå Norge), og
alle har mopedar. Dei kom hit på 60-talet, og har skulda for at mykje av den gamle orden
i landsbyane braut saman, sa ein eldre kar eg møtte på stranda (han skriv kulturhistoria
for Cook-øyane). Før mopedane sat folk ute på verandaen og følgde med i det ungdomen
tok seg føre, og alle visste alt. Men med mopedane vart dei brått i stand til å dra i
full fart til andre stader på øya, gjere avtalar og møtast, og ingen visste kva dei tok
seg til. I løpet av 3-4 år var dei gamle ordningane oppløyste! No er det forresten like
gjerne gamlemor som susar av garde på mopeden...
I
eit land med ein gjennomsnittstemperatur på 25, er ikkje dei store, isolerte husa
nødvendige. Husa er bygde i vestleg stil, enkle på eitt golv. Det er mur eller
bygningsplater, flislagde golv, bølgeblekktak. 50-100 kvadratmeter, med kjøkken og stove
i eitt, kjøleskap og gasskomfyr. Soverom etter behov og økonomi, bad med dusj og
vaskemaskin og vanleg heimleg vassklosett. Luftevennlege vindauge (med myggnetting for
pyser), og vifte i taket for dei med fine vanar og god råd. Luksushus finst, nesten så
store som eit norsk husbankhus.
Vi
ser òg fattigslege, falleferdige hus, somme berre med eit enkelt kjøkken ute. Men hagen
er fin, full av blomebuskar - eit eventyr. Og kortklipte plenar. Før såg helserådet til
at husa heldt ein standard som gjorde at ungar kunne vekse opp der. No ser dei berre ute:
Er hekkane stussa og plenane klipte slik at ikkje mygg har ein yngleplass? Dengue-feberen
er den store skremsla og redsla
.
Det
er ikkje mogeleg å leve på solskin og kokosnøtter åleine, syns mange. Det er ikkje
mange arbeidsplassar i jordbruket. NZ (New Zealand) klarde aldri å ordne ein skikkeleg
eksport av frukta. Og no er konkuransen for stor. Turisme og offentleg arbeid gjev mest
arbeidsplassar. Butikkfolk og frisørar trengst alltid (men med frisørar som gjer unna
ein kunde på 10-15 min., trengst det ikkje så mange av dei heller!).
Landet
fekk eit sjokk for tre-fire år sidan då økonomien var heilt i grøfta. NZ ville ikkje
lenger bruke så mykje pengar i støtte. Halvparten av dei 4000 tilsette i staten (kommune
og fylke finst ikkje!) måtte slutte. Med eit folketal på 20.000 kunne det vel vere rom
for enkelte innstrammingar. Mange reiste frå landet for å få jobb. Folk herifrå kan
fritt reise til NZ og Australia for å få jobb, men det vart mange vonde oppbrot, der
heile familiar drog og hus vart ståande tome, eller der far eller andre familiemedlemmar
drog og skulle sende pengar heim. Turismen leid òg, folk reiser ikkje til eit land som er
krisestempla.
Men
- no går det visst rette vegen att. Det blir fleire turistar og fleire andre
arbeidsplassar. Folketalet aukar. Ungdommane reiser enno. Det er ikkje rart at nokre vil
dra frå eit land på 18.000 menneske og søke lykka og bli rike. I NZ finn dei slekta,
mellom folk som har reist før. Men heimlengten er der. Og no er pensjonslova i NZ endra
slik at dei kan ta med seg pensjonen heim når dei har jobba der i 20 år. Ein kjenning
på Muri jobba i NZ i 30 år. Han er enkemann, er blitt pensjonist i ein alder litt over
60 år. Og no bur han her det meste av sommarmånadene (frå sept til mars), drar ut
nesten kvar morgon og hentar fisk utanfor revet, og sit elles i skuggen og pratar med
gamle vener. I jula (midtsommars) kjem ungane som studerer i NZ hit.
Cook-øyane
mista mykje i den hundreårige kolonitida si, men no er NZ eit tryggingsnett.
Sport:
Cricket-sesongen er i gang, endå ein av desse merkelege idrettane i dei tidlegare
engelske koloniane. Old-boys starta først, solide karar som fyller godt dei kvite
skjortene og buksene. Lite trim, men mykje moro. Men sport er jo veldig alvorleg: Det
burde den kvinnelege statsministeren på NZ tenkt over. Etter at NZ så forsmedelege tapte
i rugby-VM, kom ho til å seie: "Well, it`s just a game". Det skulle ho ikkje
sagt. Gallupen raste nedover! Kjell Magne ville aldri sagt dette.
post til Edvin |
|