 |
|







|

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim
foto: j©stein
trykt i Firdaposten 9. oktober 1999
|
|
Kia
Orana!Når nordmenn er ute og reiser, så er saknet etter heimleg mat og
redsla for å ete lokal mat, stor hos mange. Helst vil vi ha brunosten, grovskiva,
fiskebollane og lettmjølka trygt datostempla med oss. Rare smakar og farlege bakteriar
skremmer oss.Raspeballen var mitt sakn. Sjølvsagt kunne eg lage frå grunnen, men kor
fann eg byggmjølet?

Løysinga
er taro-rota.Rota er avlang, 10-15 cm, underarmtjukk, med eit tjukt skal utanpå. Etter
ein halvtime koking er rota klar, raspeballfarga og litt klissete. Då smakar ho ikkje så
veldig mykje, men er kokevatnet tilsett salt og kokosnøttkrem, blir smaken straks betre.
Men - og der kjem kluet: Dersom vi etterpå steiker den kokte tarorota, så har du steikt
raspeball! Utruleg godt, og vestlendingen er berga.
Tarorota
må elles vere eksempelet på maksimal utnytting av ein plante: Utanom rota brukar vi òg
taroblada, store blad som òg blir kokte i kokoskrem og blir ein fin stuing attåt
tarorota eller andre matrettar. Stilken blir skoren av og planta i rekke i åkeren, og
blir til ny tarorot etter knapt eit år! Ikkje rart at dette har blitt ein del av
kosthaldet i alle heimar, alle har ein taroåker, og då er ein langt på veg berga, om
det elles skulle vere smått med pengar til mat. I alle fall med to kokospalmar i tillegg.
Kokokspalmen
veks over alt i kystbeltet i gammal korallgrunn. "Plantar du ein kokospalme når du
gifter deg og passar på han i ti år, passar palmen på deg resten av livet", er eit
gammalt ord her på øya. Ved sida av sjølve kokosnøtta som er sentral i alt matstell,
blir palmeblada m.a. brukte til å flette korger, og stilken i midten av blada er det
viktigaste reingjeringsmiddelet i alle heimar, festa saman til ei form for sopelime.
Kokoskremen er ikkje kokosmjølka (som skal drikkast av nøtter som ikkje er heilt modne),
men derimot kokosmassen som blir skava av godt modne nøtter og pressa til ein kremete,
flytande masse. Det skjer gjennom ein duk (som faktisk òg veks på kokospalmen og ser ut
som veven hamp). Problemet med denne kremen, er at han er umåteleg feit, hard for
ømtålege magar og full av kolesterol! Dermed er ein del av oss grundig utelukka frå ein
del velsmakande mat.
Mykje
av maten er feit, det ser vi på ein del folk. Og trass i godt utval av lokale frukter og
grønsaker, er gatekjøkken-maten inne for fullt. Ein pensjonert sjukepleiar blei
intervjua i laurdagsavisa, og ho var bekymra over kosthaldet mellom ungdommen - junk-food
kjem i staden for all den gode, næringsrike lokale maten, meinte ho. Høyrt den før? |
|
 |
|
Her
finst masse gode grønsaker. Har de smakt papapaya frå fruktavdelinga på nærbutikken?
Det blir ein bleik smak mot det å kunne få frukta rett frå treet, saftig gult kjøt som
smeltar når du får det i munnen, umåteleg frisk i smaken. Her får vi han nesten
gratis. Og stjernefrukta, frisk, spiss smak. Dei lokale appelsinene er brune i skinnet,
men svært saftige og friske. Både for appelsiner og stjernefrukt er sesongen ute, men vi
ventar på at mangoen skal komme på marknaden. No er nett store, saftige melonar komne i
sal. Laurdagsmarknaden i
Avarua er ein flott møteplass med eit yrande folkeliv, lokalfolk og turistar. Der får du
frukt og grønnsaker, fisk om du er tidleg ute, ferdige matrettar du kan ta med deg heim
eller fortære på staden, perler og handverk av alle slag, musikk, dans, lotteri, show.
Om
Robinson hadde kome til Rarotonga før øya byrja å bli skikkeleg befolka for godt 1000
år, ville han funne ei vakker og grøn øy. Men faktisk lite å leve av. Det meste av
frukt og grønsaker, mykje av dyrelivet, og til og med blomane, er importerte frå dei
andre øyane. Når polynesarane lasta opp vakaene sine og la ut på havet, så hadde dei
plantar og røter med seg, grisen og blomane, og når dei så fann den nye øya og busette
seg der, så planta dei ut og gav øya ein god tilvekst av nytte- og prydplantar. Heilt
fram til no har det vore tilført nye plantar. Nokre har blitt snylteplantar som gjer ein
del skade, men stort sett har øya blitt berika og er no ei fruktbar øy der folk kan leve
godt og lenge på det som finst på øya. Så kan du sjølvsagt i tillegg gå på
nærbutikken eller matsenteret og kjøpe importert boksmat og biff- og sauekjøt (til
raspeballane) frå New Zealand. Men fisken hadde gjerne Robinson funne: Tunfisk (den på
boks, veit de), marlin, wahoo, mahi-mahi og papegøyefisk - ei mengde gode smakar...
Sport:
Cook Isl tapte forsmedeleg igjen mot Tonga i ein jamn bronsefinale i Stillehavscupen i
u-19-rugby. New Zealand knuste Fiji i gullfinalen, 64-4. Imponerande å sjå. "All
blacks" er òg ein av favorittane i VM-rugby som nett har starta i Wales. Og: Vakaen
er vel framme i Auckland etter 13 dagars seilas, alt vel trass i storm midtvegs.
post til Edvin |
|
|
heim album reisebrev rarotonga post
gjestebok |
|