Ein kopeka i reiret sitt Rarotonga 1999
Heim
Album
Reisebrev
Denne sida er ikkje ferdig enda!
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Anatakitaki

Heimen til kopeka-fuglen

av Jon K. Nyfløtt

 

Den 5.10. reiste vi til Atiu, ei av dei andre øyene i Cook Islands. Atiu er heimen til kopekaen, ein fugl som bare fins på denne øya. Kopekaen heiter Atiu Swiftlet på engelsk og Aerodramus Sawtelli på latin. Han lever i grotter og, som med flaggermus, kjem han seg fram ved hjelp av å sende ut lydar. Lydane til kopekaen er høyrbare klikkelydar i motsetning til flaggermusas ultralydar. Desse grottene vart til då Atiu heva seg frå havet for mange tusen år sidan. Det gamle revet danna makateaen, og det er her grottene ligg. Ei av desse holene vert kalla Anatakitaki. I denne grotta lev kopekaen.

 
Teikningane viser øya før og etter landhevinga. Den nederste teikninga viser øya i dag.

Atiu før landhevinga...
Atiu i dag...
Kopekaen kan bli opptil 15 cm stor og er nesten svart. Den et insekt som den fangar utanfor grotta. Den flyg over store delar av Atiu, men du ser han ikkje på bakken fordi han aldri landar utanfor hola. Kopekaen byggjer reira sine av mose og tørre plantedeler oppunder taket i hola. Han legg 1–2 egg.

I 1987 fann ei etterforsking ut at det bare var 190 reir igjen, og at nokre reir vart øydelagde av landkrabber Landkrabba er den einaste naturlege fienden til kopekaen. Den eine av holene var eit populært turistmål, og 'the Heritage Project' byrja å overvake holene. IKopekaen 1994 og -95 var talet stabilt på 172 og 175 reir.

Ei maori-legende fortel historia om ein mann, Tangaroa (ikkje guden), og kona has, Inutoto. Inutoto var den beste dansaren i Stillehavet, og kvar fullmånenatt var det dans. Tangaroa var fiskar, og ei natt med fullmåne skulle han ut og fiske. Det betydde ulykke om ho forlet huset mens han var nede å fiska, og ho lova at ho ikkje skulle gå ut. Tangaroa gjekk då ut for å fiske, og han fekk mykje fisk. I mellomtida kom det nokre vener til Inutoto. Dei ville sjå ho danse. Inutoto sa nei, og venene gjekk. Etter ei stund kom det fleire vener. Desse ville og at ho skulle danse. Ho takka igjen nei. Etter at desse hadde gått, kom der nokon som hadde kome frå ei anna øy for å sjå ho danse. Denne gongen kunne ho ikkje seie nei. Ho følgde dei og vart med på dansen. Då dette hende, slutta fisken å gå i garnet til Tangaroa. Han prøvde å fiske med stang, men då fisken fortsatt ikkje beit, forstod han at kona hadde gått frå huset. Han gjekk heim og fann huset tomt. Deretter gjekk han til festplassen. Der såg han at kona dansa. Han venta til ho hadde dansa ferdig, og då drog han ho vekk og byrja å krangle med ho. Inutoto vart redd og sprang inn i skogen. Tangaroa orka ikkje å følgje etter ho. Neste morgon var Inutoto fortsatt ikkje komen tilbake, og Tangaroa byrja å bli engsteleg. Ved lunsjtid gjekk Tangaroa til broren til Inutoto. Han hadde heller ikkje sett Inutoto sidan dansen. Då starta Tangaroa ein leiteaksjon for å finne Inutoto. Dei leita igjennom skogen, og då dei kom til nokre holer, gjekk dei utifrå at ho hadde dotte ned i ei av dei og døydd av fallet.

Nokre dagar seinare arbeida Tangaroa på taro-åkaren sin. Han vart forstyrra av ein fugl som skreik og flaug rundt han. Dette gjentok seg fleire dagar, og Tangaroa bestemte seg for å følgje fuglen. Han gjekk etter fuglen, som flaug frå tre til tre. Til slutt kom dei til ei grotte. Tangaroa vart redd fordi hola vart brukt til å gravlegge folk i, likevel våga han seg inn. Inne i grotta fann han Inutoto. Ho hadde skada foten sin og kunne ikkje gå. Tangaroa bar ho heim, og dei levde lykkeleg til sine dagars ende.


Inne i hola

Moorish Idol  

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok