Flame Tree - Hawaiirose Rarotonga 1999

Do you prefer English to Norwegian? Click here!

Heim
Album
Reisebrev
Hyperlenkjer til Cook Island-sider
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

ansvarleg for desse internettsidene er jostein nyfløtt.  for han og familien dreidde livet seg rundt opplevingane på ei tropisk stillehavsøy i fire månader i 1999.  desse internettsidene handlar om det...............

medan vi har budd her har vi skula ungane våre.
ofte vart det naturleg å ta utgangspunkt i det vi har opplevd her; 
mellom anna har
oda laga ei oppgåve om dans og
jon har skrive om anatakitaki-grotta

reisebreva frå edvin helgheim,

s i s t e: draumen om rarotonga seks år etter
frå 21. februar 2007


21. februar 2007
Draumen om Rarotonga seks år etter – Edvin undrar om han framleis kan leve på draumen om paradisøya på hi sida av jorda.

30.desember 2001
Det har vorte dårleg med oppdateringar av desse sidene. Men sidan eg stadig får spørsmål og helsingar frå folk som ønskjer å realisere sydhavsdraumen, lar eg sidene  ligge ute. Men no er dei flytta frå Eunet (KPNQuest) til Online. Finn du lenkerote som følge av dette, set eg pris på tilbakemelding.

4.februar 2001
Meir enn eitt år har gått sidan vi kom heim. Lengten etter å reise attende berre veks - vi veit at ein eller annan gong må det skje. Vi får stadig brev frå reiselystne nordmenn med Rarotonga som mål.  Det er hyggeleg å kunne vere til hjelp med svar, og eg har no samla ein del av dei spørsmåla som går att på ei eiga FAQ/OSS-side.
Vit at vi misunner alle de som set nasen mot paradiset!

23. november 1999
K
offertane står og gaper innpå senga her.  Eventyret er over. I alle fall for denne gongen.  Men vi vil tilbake til Rarotonga ein gong. Vi skal tilbake. 
Vegen heim til jul i Norge går om New Zealand og Thailand.  Mange inntrykk og opplevingar ventar.  Men det denne vesle og venlege øya har gitt oss veit vi vil vera med oss resten av livet.

oktober 1999:
N
år vi no kan vandre i kvit korallsand langs ein turkisgrøn lagune medan vi høyrer den jamne duren frå revet der stillehavsbølgjene blir tappa for all kraft; når vi kan flyte ut i eit akvarium av fargerike fiskar eller vandre innover ein jungel av hawaiiroser og vill hibiskus, forstår vi at no lever vi midt opp i dette vi har drøymt om i fleire år. 
Oda på Muri beach
Morgontur på stranda på Muri beach, rett nedanfor huset vi har leigd dei to fyrste vekene vi er her.

Hibiskus?

 

Vi er to familiar frå våtaste Vestlandet som har slått oss til her for nokre månader frå juli til november 1999.  Planane om reisa utvikla seg over fleire år, frå flyktige draumar fram til søknaden om permisjon frå jobb vart sendt og flybillettar tinga. Pengar måtte sparast, hus måtte tingast her på øya. Og hus, bikkje og bil heime i Norge måtte ordnast med. Ungane måtte få fri frå skulen, og i dette halvåret har vi vaksne ansvaret for undervisninga.  Og den norske skule i Titikaveka har for lengst starta.

I meir enn tre månader har vi levd her, og vi veit at vi gjorde rett.  Rett nok er vêret skiftande - rapportar om ein strålande sommar heime i Norge tyder på at de har hatt meir sol enn oss men med 26 grader i lagunen gjer det ikkje noko om skyene heng over fjella og himmelen stundom opnar opp for ein større vassflaum enn vi får ut av dusjen i huset vårt. Today we have four seasons in one day, kommenterte ein gubbe som stakk innom med ein klase ferske bananar. 

Bananane smakar ikkje som heime. Modning på palmane gir ein heilt annan søte. Eg åt minst sju, sa Jon, vi lurte på kvar den store klasen hadde teke vegen.
Og
papayaen.  Den Domuskjøpte papayaen heime i Førde fall berre i smak hjå Randi.   Her gler vi oss alle over ein bognande sesong for denne smakfulle frukta.

Det er vår på Rarotonga.  Snitt-temperaturen er nå kring 26 grader, ein behageleg sommarvarme for oss nordbuarar.  Men medan de i Norge går mot ein mørk og våt haust og vinter, har vi sommar i vente.

Moorish.GIF (1210 bytes)

©1999 jostein

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok