Hawaii-rose Rarotonga 1999
Heim
Album
Reisebrev
Her finn du nokre lenkjer/bokmerke som kan hjelpe deg vidare
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

OSS eller FAQ
(ofte stillte spørsmål / frequently asked questions)

Rarotonga har vorte eit populært reisemål, det forstår vi av talet på folk som skriv til oss og spør om råd i samband med at dei sjølve skal reise.
Det er berre hyggeleg at folk skriv og spør, men her prøver eg å gje svar på ein del av dei spørsmåla som går igjen.

 

Kvar skal vi bu?
Muri Beach er eit flott område. Flott strand, restaurantar, butikkar nær. Heile sørsida har ei flott strandlinje, det finaste snorklingsområdet med dei vakraste koralla finn du nokre kilometer sørvest for Muri (Nær 'Fruits of Rarotonga' i Titikaveka.) Nordsida har dårlegare strender, men her kan du truleg finne rimelegarare hus og meir nærleik til lokalfolk.

Korleis får vi tak i hus?
Sadlers House romma to familiar. Det er større og har ein høgare standard enn dei fleste utleigehusa.Vi brukte eit selskap som heiter Shekinah (helenura@shekinah.co.ck) - to damer som har/formidlar utlege av fleire hus på øya. Ikkje det billigaste du kan finne, men i alle fall greitt å starte med. Ein må ha hus før ein kjem til Raro, og når ein fyrst er der kan ein farte rundt og prøve å finne seg noko billigare/betre.
Du kan òg ta kontakt med turistkontoret på øya, eller gå direkte på ein av dei mange overnattingsstadane på øya. (Du finn mange via lenkesida mi.)
Dersom de vil leite etter hus på privatmarknaden er det lurt å spørje rundt, på butikkar, på bensinstasjonar.... Vi fann eit billig og stort hus til venar som kom på besøk ved ei tilfeldig bensinfylling. Men hugs at mange av dei rimelege husa har ein lågare standard, mellom anna vantar dei gjerne myggnetting for glasa.
Det fins òg andre former for logi, ungdomsherberge o.l. (bla ein stad som kallar seg Lovely Planet). Der trur eg det er ganske rimeleg, utan at vi sjekka det nærare.

Kva kostar det å leige hus?
Gjennom byrå: 300-500 Nz$ pr veke, privatmarknaden 150 - 200 Nz$/veke. (kurs ca 4.20 kr/Nz$)

Er det dyrt å leve på Rarotonga?
Levekostnadene på øyene i Stillehavet er vesentleg høgare enn f.eks. Thailand. Rarotonga importerer det meste av det ein finn i butikkane frå New Zealand, og prisane blir deretter; ikkje langt frå det vi er vande med i Norge.  Fisk, grønsaker, frukt og anna mat som blir laga på øya, er derimot svært billig.  Blir du ven med lokale folk, opplever du gjerne at dei held deg med bananar og papaya.

Får vi alle slag varer?
Stort sett. Men som eit lite samfunn avhengig av fraktebåtar, går butikkane stundom tomme for enkeltvarer. Fersk fisk kan det òg gå periodar utan at du finn i butikken - dårleg vêr kan hindre fiskarane i å koma ut. DVmini-kassettar til videokameraet mitt fekk eg ikkje kjøpt på øya, så er du avhenging av spesielle ting, er det lurt å ha det med.

Korleis kjem ein seg på Internett?
Det er fleire 'internettkafear', bl.a kan du sørfe både hjå Telcom (Telcom CI), som er det lokale televerket, og ein PC-butikk i Avarua (nesten rett over gata for kinoen).
Dei husa vi leigde, hadde innlagt telefon. Vi hadde med ein gamal berbar PC og teikna internettabonnement med Telcom, som er den lokale ISP'en. Eg gjekk opp til kontoret i hovudstaden Avarua, fekk tak i ein overgang til telefonkontakten i den omtalte PC-butikken, og var på nett same dag.

Kva er systemet for elektrisitet?
Spenninga på straumnettet er som i Norge (eg. 240 V mot 220V i Norge - neppe noko problem i praksis), men du treng ei overgangskontakt. 

Fins det slangar eller farlege dyr?
Rarotonga er fri for slangar.  Det fins eit tusenbein som ein skal ha respekt for, bitt frå den skal vera verre enn eit kvepsestikk.
Det ein skal vera mest forsiktig med, er steinfisken - verdas giftigaste fisk. Den er ikkje vanleg, men vi såg nokre eksemplar av arten i lagunen. Steinfisken kan ligge på botnen og har tretten skarpe piggar som forsvar, men den er lett å verne seg mot: Bruk alltid badesko! Badesko er dessutan gode å ha dersom ein trakkar på skarpe korall. (Korallskadar gror svært seint/dårleg)

Kva trengst av vaksiner/medisinar?
Ingen. Rarotonga er generelt eit trygt område. Men som dei fleste stader er det lurt med vaksine mot hepatittA og stivkrampe. Malaria finst ikkje, men dei har hatt tilfelle av ein anna 'myggsjukdom': dengue feber. Lokal mat er nydeleg, men kan vere tøff for sarte magar!Den har vorte ganske vanleg i heile tropebeltet, men du får - så vidt eg veit - ikkje vaksine mot den.
Vi opplevde ikkje helsetrøbbel, og fekk ikkje eingong bruk for medbrakt middel mot magesjau. Men ver obs dersom du har sart mage; den lokale kosten med tarorøtter og mykje kokosmjølk kan vera tøff å fordøye.

Kan vi drikke vatnet?
Det er mange lokale vassverk rundt øya, mange av dei bygd med hjelp frå WHO. Stort sett er vasskvaliteten god, men vi valde å koke drikkevatnet. Til tannpuss og til vaskinga av grønsaker brukte vi vatn rett frå springen. Du får òg kjøpt drikkevatn i butikken.

Kvar får eg vite meir?
'Bibelen' for CI-fararar er Lonely Planet sin guide 'Rarotonga & the Cook Islands'. (Kan tingast direkte frå Lonely Planet på nettet)
Elles finn du mange ressurser på Internett, du kan gjerne starte utforsking på lenkesida vår, der du m.a.finnlenkje til turistkontoret på øya.

Moorish.GIF (1260 bytes)  

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok