Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Denne sida er ikkje ferdig enda!
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten laurdag 28.august 1999

 

Kia orana!

Verkartet i lokalavisa blir studert inngåande. Det skulle kanskje ikkje vere nødvendig når gjennomsittstemperaturen no på vinteren ligg på max 26 og min 20 grader, og eit par grader meir ut på sommaren. Men i ei vekes tid har det kome ein stim av lågtrykk inn frå vest. Faktisk har det nok vore betrakteleg våtare her på denne sida av jorda enn i Sunnfjord siste vekene, og når regnskylla kjem, fyk millimetrane raskt i veret - då lar Vårherre kranene stå heilt opne. Nattetemperaturane har vore nede i 15 grader nokre gonger.

Kraftig vind har det òg vore. Så kraftig at ein lastebåt med eit stort lass pickup-ar på veg til Rarotonga mista halve lasset sitt med bilar, då containarar med 12-14 bilar bles på sjøen. Det var ei alvorleg sak. Pickup er det viktigaste framkomstmiddelet på øya - nesten alle heimar har minst ein. Det er praktisk - bak på bilen får både bestemor og dei åtte ungane og den nye grasklipparen og hagestolane, kanskje òg bananklasane og papayaane frå plantasjane inne i landet, plass. Og temperaturen innbyr til open bil uansett! Mopeden kjem på 2.plass.

Men veret, altså: Presten i Titikaveka kyrkje sa sist søndag då han på engelsk ønskte oss papaa`ane velkomne: "Eg håpar de ikkje er lei dykk for regnet, vi treng det!" (Papaa=folk av europeisk opphav=kvite). Nei, grunn til å klage er det ikkje: Regnet gjev ei umåteleg frodig og grøn øy og masse billeg frukt og grønsaker, og sol og varme er ikkje mangelvare. Og det hjelper òg at Stillehavet held jamt 26 grader, og at det no går mot sommaren...

Sommar heile året skulle ikkje gjere det nødvendig med sommartid (sjølv om mørket kjem tidleg om kveldane). Kongedømmet Tonga 3 flytimar vest i havet har likevel innført sommartid! Det har ikkje skjedd på desse breiddegrader, før. Men kongen av Tonga er lur (og det treng han vere, sidan nokre der borte har byrja å snakke om at kongedømmet kanskje er avlegs. Ingen seier det her, endå dronninga vår sit i London!). Tonga ligg akkurat på hi sida av datolinja, og det betyr at Tonga dermed slår alle andre på målstreken og blir første landet i verda som går inn i år 2000! Det betyr masse tilreisande, og TV-selskapa vil slåst om rettane til første soloppgangen i det nye tusenåret. (Noko for tusenårskomiteen i Flora? Å komme i mål ein time før Førde?).

Det er rart med denne datolinja. Her på Cook Islands ligg vi 3 timar unna Tonga, men eit heilt døgn etter! Vi er "siste landet på jorda", står det i reisehandboka, og her vil altså dette tusenåret vare aller lengst. (Tonga har forresten slått ut Cook Islands i Rugby-ligaen. Det var bittert. Men når Tonga-spelarane tok flyet heim etter kampen i 7-tida fredag kveld, så kom dei heim i 10-tida laurdag kveld!)

No er det flyet som er reisemåten. Men midt ute i dette veldige Stillehavet, er det båten - eller rettare sagt utriggar-kanoen - som har vore måten å flytte seg på. Det har krevt utrulege navigasjonsevner når kanoane la ut med sine årar og segl, og skulle lande 10 til 30 dagsreiser unna. I Ngatangia, søraust på øya, starta ei stor kanoferd rundt 1350. Då samlast kanoar frå fleire øyar, og målet var eit land i sør, "landet med den lange kvite skya". Dei segla etter gamle overleveringar, og 7 kanoar nådde fram til New Zealand. Kano-folket vart grunnlaget for maori-folket i New Zealand.

I 1992 sigla ein kano same vegen, ein nybygd dobbelt-kano, Vaka Te-Au-O-Tonga. 72 fot med to segl, mannskap på vel 20. No blir Vaka utrusta igjen til ei ny NZ-ferd, for å markere "America Open", og så tilbake for å feire tusenårsskiftet her på øya. Eg prata med skipper Pary her om dagen, og han trudde dei skulle klare turen på 10-12 dagar om dei var heldige. Opptil 30 fots bølgjer takla kanoen godt, meir enn det så vart det lite hyggeleg. Spesielt luksuriøst var det heller ikkje ombord. Kvar kano er smal, og det er så vidt plass å sove underd dekk. "Det held til 6 timar på og 6 timar av", meiner skipper`n - ein roleg, blid kar som sikkert kan leve godt i takt med bølgjene på det store havet.

Vi kom i prat om dei gamle utriggarkanoane som folk la ut med, med heile familien ombord, dyr, plantar, matvarer, heile heimen sin, for å finne ei anna øy å busetje seg på. Heilt til Madagaskar skal stillehavsfolka ha reist og busett seg.Men kor kom stillehavsfolket frå - når øyane her blei busette for 5-6000 år sidan?

"Thor Heyerdal trur mine forfedrar kom frå Sør-Amerika. Det er det ingen her som trur på. Det er rett at søtpoteta - kumara - sikkert har kome hit frå Sør-Amerika, men det betyr berre at folk frå Polynesia har vore dit med kanoane sine og tatt poteta med seg tilbake. Eg trur dei kom frå Sør-Austasia, det var derifrå dei tok med seg, heilt ufrivillig, jordrotta, som finst berre der og på våre øyar." (Men kunne ikkje det og vere resultatet av eit besøk? Det spurde eg ikkje om. Men det er nok eit sørgeleg faktum at Heyerdal-teorien står svakt for tida, sjøv om Thor`en er respektert og velkjend.)

Like ved ligg den nydelege Muri-stranda. I den asurblå lagunen har to jentelag (6 på kvart lag) trena kvar dag i over ein månad. Dei padlar ein svær utriggarkano (glasfiber, men skulle vore uthola av svære trestokkar). I dag går den store padlekonkurransen, og eg heiar på Muri-jentene.
"Kia manuia!"(lykke til).

Jenetelag med utriggarkano på Muri-stranda

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok