Sett frå hi sida av jorda - reisebrev
 

Heim
Album
Reisebrev
Bokmerkje
Rarotonga
Gjestebok
E-brev

Edvin, no opp ned!

Reisebrev frå Rarotonga
av Edvin Helgheim

foto: j©stein

trykt i Firdaposten 25. september 1999

 

Kia Orana!

Tysdag la Te-Au-o-Tonga Vaka ut på den lange reisa si mot New Zealand frå Avana hamn. I to-tre veker skal mannskapet på 16, som aldri har segla i lag før, føre den store dobbeltkanoen mot Auckland. Ein liten hjelpemotor (Volvo Penta!) gjorde utferda lettare, sidan vakaen ikkje er lett å manøvrere med sine tre store padleårer i bakskuten. To segl skal føre båten framover.
Te-Au-o-Tonga Vaka

Einaste seremonien før avgang var samling rundt minnesmerket etter dei 15 kanoane som la ut mot New Zealand på ei mykje meir usikker ferd for 650 år sidan. Der var det andakt. 2 hattekledde damer, som hadde site i graset med Bibelen ved sida, stemde opp ein gammal salme, og presten leia bøna. Alle bøygde hovudet: Det samansette mannskapet som sikkert kunne trenge all hjelp på ferda, og dei frammøtte: Slekta med tårer i augekroken, og andre interesserte.

Ei bøn er på sin plass framfor ei slik reise. Og på Rarotonga er det naturleg med bøn i veldig mange samanhengar. "Korleis kan det skje noko gale på ei øy der alle samkomer startar og sluttar med bøn og samlesong", las eg i ei reiseskildring herifrå som var skriven for 20 år sidan.

Vi kan dra i tvil Bill Clinton når han ser inn i fjernsynskameraet og ønskjer "God bless you ". Men eg trur på Ian, omvisaren i naturparken, som før innmarsj ber om at alle stoggar opp slik at han kan be. Kva han bad om, veit eg ikkje, for han bad på maori, men for han var dette ikkje noko påfunn, men djupt alvor. Likeins når barbequen på stranda ikkje får starte før Elaine, (som syng i den leiande pop-gruppa her nede, Always) har bedt ei bøn for maten. Meir seremoni blir det når den store song-tevlinga blir opna av ein prest som ber om velsigning for alle som deltar, om at den beste må vinne, sjølv om alle er like gode (eg må seie at eg stussa på eit par av jury-avgjerdene, men Vårherre kan vel knapt lastast for det..).

kyrkjegjengar_barn.jpg (37374 bytes)
S
om før skrive: Dette er eit religiøst folk som i kristen samanheng knapt kan finnast maken til. Kyrkjene samlar ein stor del av folket på søndagen. I Titikaveka, ei grend på kanskje 1000 innbyggarar, samlast eit par hundre i den tradisjonelle "engelske" kyrkja kvar søndag, og mange i to-tre andre gudshus. No ein søndag var 120 speidarar i alderen 5 til 18 år med på å fylle kyrkja og forsterka den glade songen. Eg kan tenke meg speidarleiarar heime som ville jubla over ein slik oppslutnad. Og kyrkjene spelar ein viktig rolle heile veka.

Og dette skjer i eit moderne samfunn, som ikkje står tilbake for dei fleste vestlege på noko område. Folk går på restaurant og dans. Videosjappene er utallige (Cook Island har lege på videotoppen i verda pr. innbyggar!), og det er ikkje berre barnetv-filmar du finn der. Kinoen køyrer 3 (amerikanske) filmar for kvelden (no òg på søndag). Noko av det første parlamentet gjorde då landet vart sjølvstendig i 1965, var å sleppe alkoholen laus, og omsetnaden er stor. Somme drikk nok meir enn andre.

Gamle verdiar er nok på vikande front, og unge vaksne vel ein annan livsstil enn foreldra, ofte. Men at landet er så stabilt og velordna på nesten alle måtar, utan stor kriminalitet og store utskeiingar, skuldast nok kristendommen si sterke stilling (kanskje saman med at så utruleg mange er med på dans, musikk og sport. Når skal dei få gjort noko gale!).

Når misjonærane på rekordtid omvende folket på 1800-talet, tok dei dei gamle gudssongane og sette kristen tekst til. Men den gamle guden, Tangaroa, gud for fertilitet, sjømannskap og fiske, måtte dei naturleg nok fjerne. Ikkje rart når han blei framstilt med eit kjønnsorgan så stort som ein tredje fot. No er han for lengst graven oppatt og er den mest populære turistsuveniren på øya, i utallige variantar. Men han blir nok ikkje lenger dyrka...
Tangaroa

Ein gammal treskjerar, Exham Wichman (bror hans påstår at namnet er det same i Wichman-motoren og at slekta kjem frå Skandinavia!), lagar sin variant, der mannens pryd er ekstra fyrrig (ikkje så slapp som dei som er laga for blyge turistar, som han sa.) Kona, Maria, som er djupt kristen, fortalde ein dag Exham sov middag, at ho grein då han byrja å lage denne figuren. Men så forklarte han bakgrunnen: Hovudet er viktigast og dei ulike utskjeringane markerer identiteten, ulikt frå øy til øy (hovudet skulle eigenleg pryde vakaen for å fortelje kor folk kom frå), den store magen symboliserer familien, kulturen og tradisjonane, medan nedste delen er symbolet på framtida, livet skal gå vidare. Då godtok ho figuren og var stolt av han.

Elles veit eg dei strevar og skal finne pengar til utviding av gravplassen i Florø. Slik gjer dei det her: Folk får ha gravplassar på sin eigedom, gjerne inne i hagen, heilt sikkert velsigna av ein prest. Og dette er ein plass som er særleg velhalden, ofte store minnesmerke og alltid eit vell av blomar!

Dagens nordmenn i avisa: 4 turistar på fisketur drog (med lokal hjelp) opp ein Blue Marlin-fisk på 145 kg! Fisken var dubbel så lang som fiskarane. Det hadde vore noko å fått på oter i Jølstravatnet!

post til Edvin

 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok