Tiggar ved frukostbordet Rarotonga 1999
Fuglelivet blir dominert av høns og mynah, og begge kan halde eit skrekkeleg leven til tider.
Mynah

Grisen som står bunden etter eine bakfoten, er eit vanleg syn i mange hagar.  Sjølv ein som ikkje er bonde har  gjerne nokre dyr og dyrkar litt papaia, kokusnøtter og bananer. Skarre værra ein nuss, eller?

Dyre- og fugleliv

Sommarfugl

Jungelen på Rarotonga blir kalt den stille jungelen.  Elles i verda opplever du eit yrande fugleliv, her opplever du stilla.  Sommarfuglar møter du og firfisler som snøgt gøymer seg under ei rot. Og myriader av mygg, om du ikkje finn deg ein stad der vinden  bles.  Elles på øya høyrer du mange slags fuglelåtar, men du oppdagar snart at alle lydane kjem frå mynah-fuglen.  Viss det ikkje er frå ei av dei mange hønene som fêr fritt rundt over alt.  Morgonmusikken her startar i firetida, da set hanane i gang.  Elles har vi til gode å sjå ein hund i band her, folk med fobi for bikkjer bør halde seg unna, her ruslar dei rundt overalt.  Det frie hundelivet fører òg til ei mengd fasinerande krysningar; gjerne kortbeinte med kraftig kropp.

Strandens vogtereBandbukk
Heim
Album
Reisebrev
Denne sida er ikkje ferdig enda!
Rarotonga
Gjestebok
E-brev
 

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok 

Moorish.GIF (418 bytes)