Hawaii-rose Rarotonga 1999
Heim
Album
Reisebrev
Denne sida er ikkje ferdig enda!
Rarotonga
Gjestebok
E-brev
Når test ein har nokre veker eller meir på Rarotonga, bør ein få med seg minst ei av dei andre Cookøyene. Vi tok ein tur til Atiu og til

Aitutaki

Oda i solnedgang på Muristranda på Aitutaki
Aitutaki er den mest besøkte av Cookøyene utanom Rarotonga.  Med ein stor turkisgrøn lagune omkransa av mange motu (småøyar) med kvite sandstrender, blir denne øya rekna som ei av perlene i Stillehavet.  Vi fekk med oss noko gråvêr, men fekk òg sjå og oppleve det vakre, mellom anna solnedgangen nedanfor logiet vårt på Sunny Beach.
Kveldssol på Muristranda på Aitutaki
Randi på Akaiami
I lagunen kan du lett finne ditt eige paradis. Denne stranda ligg på motuen Akaiami der dei store sjøflya som kryssa Stillehavet for 50 år sidan stoppa for å bunkre, medan passasjerane kunne nyte idyllen i eit par timar.

Fotograf Jostein har gitt slipp på kameraet, under er han på lagunekrus med 'One Foot Island' i bakgrunnen.  Lagunen er flott å snorkle i, men fiskelivet vi opplevde er vel så rikt ein del stader i lagunen på sørsida av Rarotonga. 

PicassoH.GIF (1291 bytes)

Jostein ved One Foot Island
Island Night på Ralphie's

Naturen er ikkje det einaste som er verdt å oppleve på Aitutaki. Dei har fleire dansegrupper som ikkje står tilbake for dei beste på Rarotonga.  Denne pjokken slo an tonen da Tiare Aitutaki dansa på Ralphie's bar ein fredagskveld i oktober.

Kveldsidyll på Muri Aitutaki
MoorishH.GIF (1204 bytes)  

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok