Hawaii-rose Rarotonga 1999
Heim
Album
Reisebrev
Denne sida er ikkje ferdig enda!
Rarotonga
Gjestebok
E-brev
Sundaghjå PiriPuroto III
copyright jostein nyfløtt
Piri i toppenKvar sundag etter kyrkjetid er hagen hans full av folk.  Turistar frå alle land kjem for å sjå han fare opp i den høgste palmen iført parykk og lendeklede av kokusfiber medan han gjer halsbrekkande kunster.

Ein lokal klovn? Det òg. Men fyrst og fremst er Piri Puruto III ein kulturberar som syner oss turistane litt av ein måte å leve på som vi veit lite om. Truleg er han den einaste på Rarotonga som framleis kan kunsten å gjere opp eld med ein pinne og ein trestokk. 
Og han let alle ta del i å lage eit måltid av lokale rettar og steike alt i umu'en, ei hole i jorda med steinar som fyrst blir varma opp av eit bål. Og når dei dampande blada som dekkjer umuen blir bretta tilsides etter tre timar og du har pakka opp ei glodheit pakke av palmeblad veit du at du aldri har smakt saftigare kylling.

Mat frå umu'en; taro, mango og kylling

Umuen blir tildekt
Å lage eld krev mykje førearbeid. Trestamma av hibiskus må vera tørka på rett måte, Knusk og tørre fibre frå kokuspalmen må bearbeidast rett.  Og ikkje minst; det krev konsentrasjon og den rette stemninga...............
Eldmakaren Piri
.....friksjonsvarme blir til glør blir til eld..... - for den som kan!
MoorishH.GIF (1204 bytes)  

heimalbum  – reisebrevrarotongapostgjestebok